Bouke Bouman, Merethe Jørgensdottir Reinskås og Reidun Nygård i Fyresdal Røde Kors er tenkt inn i ei breitt samansett gruppe som skal organisere ulike aktivitetar og innslag.
Bouke Bouman, Merethe Jørgensdottir Reinskås og Reidun Nygård i Fyresdal Røde Kors er tenkt inn i ei breitt samansett gruppe som skal organisere ulike aktivitetar og innslag.

– Ulykka gjorde noko med oss alle. Det var mykje kjensler.

På eitt døgn kom det inn 100 000 kroner til tryggleiksaksjonen til Raudekrossen. No vil organisasjonen bidra til å snu haldningane til folk.

– Det har vore mange tilfelle av nestenulykker og tankar om at «det er ikkje så farleg – det skjer jo ikkje meg». Slike tankar var me einige om at me må til livs, men spørsmålet blei korleis me skulle klare å få til det, sa Merethe Jørgensdottir Reinskås i Fyresdal Røde Kors under folkemøtet i bygda fredag.

Der presenterte ho ein idé som har kome etter ulykka der fyresdølen Knut Aslakson Momrak (21) drukna i Fyresvatn i sommar. Raudekrossen var til stades frå alarmen gjekk natt til sundag og til aksjonen blei avslutta onsdagen etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Denne aksjonen var veldig spesiell – alt kom mykje nærare enn på dei fleste andre aksjonar. Me kjente Knut, me kjenner familien og er ein del av det vesle lokalsamfunnet i Fyresdal. Ulykka gjorde noko med oss alle. Det var mykje følelsar, men det var godt å gjere ein innsats, og det var godt å ha samhaldet me har i hjelpekorpset, sa Reinskås.

Fleire gonger under aksjonen snakka Raudekrossen om kva dei kan gjere for å hindre at ei slik tragisk ulykke skjer igjen. Bouke Bouman i hjelpekorpset føreslo å opprette ei stifting eller eit minnefond.

– Litt omtåka av alt som skjedde var fokuset vårt på tryggleik på vatn – nå skulle det ikkje lenger vere ei unnskyldning å ikkje ha på redningsvest. Me ville skaffe vestar som skulle vere tilgjengelege for alle, sa Reinskås til ein fullsett sal i Fyresdal samfunnshus.

Les også: «Me må bygge sterke unge som har mot til å seie nei, eg køyrer ikkje med deg, du har drukke.»

Stort engasjement

Raudekrossen oppretta ein innsamlingsaksjon på spleis.no. På eitt døgn kom det inn over 100 000 kroner, eit mål som var sett til 1. desember. Målet blei auka til 250 000 kroner, og summen i dag er om lag 135 000 kroner.

– Me er audmjuke over engasjementet folk har vist denne aksjonen, og skal forvalte pengane på best mogleg måte, sa Reinskås.

Hjelpekorpset har utpeika Reinskås, Bouman og Reidun Nygård til representantar i arbeidet med kva pengane skal gå til. Det gjekk ikkje lange tida før ein fann ut at ein måtte utvide arbeidet til også å gjelde veg og snø.

– Ein kan ikkje berre sitje stille og ikkje gjere noko heller, så me fann ut at me måtte ha eit mål å jobbe mot, sa ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Løysinga blei å sende søknad til Gjensidigestiftinga, eit svar derfrå kjem truleg før jol. I søknaden til stiftinga er det elles nemnt at aktivitetane ein får på plass i Fyresdal sjølvsagt kan delast til andre kommunar.

Prosjektet er tenkt over fem år, og er kostnadsrekna til nesten éin million kroner. 135 000 er alt i boks, søknaden til Gjensidigestiftinga er på 530 000 kroner, ein håpar å få 150 000 kroner frå offentlege midlar og same summen ved hjelp av andre inntekter.

Tryggleiksquiz

Målet med prosjektet er å drive haldningsskapande arbeid og auke medvitet kring tryggleik og ferdsel på vatn, veg og snø. Det er utarbeidd eit førebels årshjul med ulike aktivitetar kring tryggleik og ferdsel på dei ulike stadene, og det er snakk om lågterskelarrangement for dei frå fem år og oppover til og med pensjonistalderen.

Alt i januar er planen å ha samtaler i klasser på vidaregåande og ungdomsskule kring sikker ferdsel på snø, og å ha livbergingskurs i bassenget. Månaden etter er tanken å ha tryggleiksquiz på kafeen Meieriet, og eit fyrstehjelpskurs med fokus på ulykker og skader på snø. I mars kan det bli folkemøte med foredrag der tema er trafikk, rus og anna. Vidare å ha trafikkoppfriskingskurs for pensjonistar.

I april legg ein opp til å ha båtførarkurs med eksamen, og samtaler på vidaregåande og ungdomsskule kring sikker ferdsel på veg og vatn. Månaden etter er det tre timars oppfriskingskurs på båtførarteori, og fyrstehjelpskurs med fokus på ulykker og skader i vatn. I juni og juli tenkjer ein seg båtvakter på Fyresvatn i samband med større arrangement i bygda, og at ein før august kjem har hatt båtdag med livredning.

Neste er fyrstehjelpkurs med fokus på skader i trafikken. I september kan det bli sykkelprøve på skulen, og kurs i kart og GPS. Ein konsert med inntekter til prosjektet kan det bli i oktober, i tillegg til eit generelt fyrstehjelpskurs. November kan det bli tryggleiksaktivitetar kring ferdsel på snøskuter, og månaden etter ein jolemarknad.

– Samarbeid med det lokale brannvesenet og politiet er sjølvsagt viktig og heilt uvurderleg framover, sa Reinskås.

Planen er å ha ei breitt samansett arbeidsgruppe på minst ti personar som kan vere med og organisere aktivitetane. Som alt nemnt skal Reinskås, Bouman og Nygård vere hjelpekorpset sine representantar i gruppa der ein også tenkjer seg at mellom anna ein ambulansearbeidar, rådmannen, politiet og nokon frå motorsportklubben er med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare jobbar ein med å opprette ei RØFF-gruppe for ungdom mellom 13 og 17 år. Der kan ein drive med haldningsskapande arbeid.

– Me i Fyresdal Røde Kors set veldig pris på å vere ein del av det arbeidet som skal skje framover. Har de tankar, idear og innspel, er det veldig fint om det blir delt med oss. Eg vil ynskje oss alle lykke til i arbeidet med å take vare på kvarandre – for me har ingen fleire å miste, avslutta Reinskås.

Me har ingen å miste

Han hjelper ruskøyrarane i fangeleiren med å kome på rett kjøl

– Eg kan ikkje forsvare det eg har gjort uansett

Ungdomsklubbleiaren i Fyresdal etterlyser ei haldningsendring

Ungdommane sjølve: – Ein føler jo at promillekøyring ikkje blir tatt på alvor av politiet

Leiar: Me har ingen å miste

Artikkelen held fram under annonsen.

Lesarinnlegg: Historier fra den vonde virkeligheten, fra en mor i sorg