Dette melder politiet på Twitter om kollisjonen
Dette melder politiet på Twitter om kollisjonen

Trafikkulykke ved Grunge kyrkje

Politiet melder på Twitter at ingen personar er skada, men sju bilar er involvert i ein kollisjon på E134 i Vinje torsdag kveld.

Klokka 18.45 melde politiet i sør-aust at det har skjedd ei trafikkulykke på E134 ved Grunge kyrkje.

To personbilar kolliderte i utgangspunktet, den eine bilen hadde ein båt på tilhengaren. I samband med kollisjonen skal bilane ha køyrd i fem andre bilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er jolekonsert i kyrkja i kveld, og det står difor bilar parkert utanfor kyrkja. Den eine bilen som er truffe har så store skader at det er naudsynt med bilberging, melder politiet som ikkje rykkjer ut sidan det ikkje er personskade og ingen bilar hindrar anna trafikk. 

Politiet melder at det er svært glatt og vanskelege køyretilhøve på vegane i dette området i kveld.