Lars Kili.
Lars Kili.

To mål av kapteinen sikra tre nye poeng

Vinje/Åmdal tok sesongens tredje siger då Heddal blei slått 2-1 heime i Åmot på fotballens festdag 16. mai. 

Gjestene tok leiinga på straffespark. Kaptein Lars Kili utlikna med eit langskot etter kring ein halv time. Like før slutt blei Sander Gunvaldjord felt av gjestenes målvakt, og Kili var sikker frå 11 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein skikkeleg slitekamp for Vinje/Åmdal frå start til slutt. Angrepa var utan takt og rytme, er oppsummeringa på lagets Facebook-side. 

Vinje/Åmdal er no nummer fem i 5. divisjon med ti poeng etter sesongens seks fyrste kampar. 

I 6. divisjon tapa Seljord 1-7 borte mot Skidar 15. mai.