Statens strålevern og Helsedirektoratet rår alle kommunar i Noreg til å ha jod-tablettar på lager. Det er særleg viktig for gravide, dersom det skulle skje ulykker eller hendingar som kan føre til radioaktivt avfall.
Statens strålevern og Helsedirektoratet rår alle kommunar i Noreg til å ha jod-tablettar på lager. Det er særleg viktig for gravide, dersom det skulle skje ulykker eller hendingar som kan føre til radioaktivt avfall.

To kommunar manglar Jod-tablettar

Fire av dei seks kommunane i Vest-Telemark har ifylgje Helsedirektoratet kjøpt inn jod-tablettar som beredskapstiltak.

Det er med bakgrunn i ei tilråding frå Statens strålevern og Helsedirektoratet i samband med ulykkeshending eller andre ukontrollerte hendingar knytt til atomkraftverk at kommunen blir bedne om å ha eit lager av jod-tablettar.

Tablettane skal førebyggje kreft i skjoldbrukskjertelen til særleg barn og unge, men også til kvinner som er gravide eller ammar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Offisielle tal frå Helsedirektoratet per 24. mai syner at Kviteseid og Fyresdal er dei to kommunane i Vest-Telemark som ikkje har bestilt jod-tablettar.

– Den niande mai sendte eg ei tilråding til Kviteseid kommune i samband med gjennomgangen av beredskapsplanen i kommunen. Tilrådinga går ut på at me bør ha eit lager med jod-tablettar, og at me må ha gode rutinar på oppbevaring, bestilling og utdeling av slike tablettar, seier kommuneoverlege i Kviteseid, Anne Ruth Syrtveit Mikalsen.

Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland seier til VTB at det skal vere bestilt 400 jod-tablettar til Fyresdal kommune.

– Det har blitt gjeve klarsignal til å bestille, så det skal vere i orden, seier Kiland.

Han viser til at dei rette instansane i kommunen den 18. april har stadfesta at det vil bli bestilt jod-tablettar.