Fyresdal kommunestyre utgjorde nyleg generalforsamlinga i Telemark Lys AS. Ut av ansiktet til både styreleiar Lars Torstein Momrak (t.v.) og dagleg leiar Tarjei Skålid kunne ein sjå alvoret for verksemda då det blei orientert om planen for å nedbemanne.
Fyresdal kommunestyre utgjorde nyleg generalforsamlinga i Telemark Lys AS. Ut av ansiktet til både styreleiar Lars Torstein Momrak (t.v.) og dagleg leiar Tarjei Skålid kunne ein sjå alvoret for verksemda då det blei orientert om planen for å nedbemanne.

Telemark Lys må kutte kraftig

Det at Fyresdal ikkje lenger får flyktningar gjer at Telemark Lys AS må kutte nesten 10 av dei 12,6 årsverka. Det gjev ledige kontorlokale som verksemda må betale leige for fram til 2024.

Styret i Telemark Lys AS har vedteke ein plan for årsverk i verksemda framover. Dagens 12,6 årsverk skal skjerast ned til å vere 3,3 årsverk i perioden 2020–2022.

– Me er heldige om det stoppar på 3,3 årsverk i 2020–2022. Nedbemanninga skjer fordi Fyresdal ikkje får fleire flyktningar, og det er snakk om både frivillig avgang og oppseiingar, seier styreleiar Lars Torstein Momrak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som fylgje av at det blir slutt på integreringsarbeidet Telemark Lys gjer for kommunen, blir det ikkje flyktningar som skal nytte viktige språkopplæringsplassar som Teisner kafé i næringshagen og bruktbutikken Krambua i sentrumsbygget. Dermed avviklar Telemark Lys si drift av både kafeen og Krambua. Det er håp om at to kokkar i kafeen overtek drifta der, og frivilligsentralen skal ta over Krambua.

Telemark Lys er blant aksjonærane i næringshagen, og leiger også kontor der for dei tilsette. Leigeavtala for kontora og også kafélokalet gjeld fram til 2024.

– Me må betale leige for kontor me ikkje skal bruke, stadfestar Momrak, om det då ikkje kjem andre som ynskjer å leige kontor.

Styreleiaren avsluttar med desse orda om situasjonen som har oppstått for Telemark Lys:

– Gørrkjedeleg, det er det.

Kvito AS vil ha med Telemark Lys AS

I eit møte i Fyresdal formannskap nyleg informerte ordførar Erik Skjervagen (Ap) om at attføringsverksemda Kvito AS (Kviteseid, Tokke, Vinje og Nissedal) har sendt ein formell invitasjon til Telemark Lys AS om å fusjonere. 

Formannskapet gav ordføraren fullmakt til å forhandle på vegne av Telemark Lys om ein mogleg fusjon med Kvito. Fyresdalverksemda er heileigd av kommunen.