Ingrid Svalastog Kollberg har drive verksemda Telemarkssylv heime på Omdal på Ravnjuvvegen sidan 2003. Ho er genuint oppteken av handverket og meiner at om ein har bunad, må ein bruke den. – Ein er aldri så staseleg som når ein har på bunad. Den må på om det er dåp, fest, bryllaup eller gravferd, stadfestar sylvsmeden.
Ingrid Svalastog Kollberg har drive verksemda Telemarkssylv heime på Omdal på Ravnjuvvegen sidan 2003. Ho er genuint oppteken av handverket og meiner at om ein har bunad, må ein bruke den. – Ein er aldri så staseleg som når ein har på bunad. Den må på om det er dåp, fest, bryllaup eller gravferd, stadfestar sylvsmeden.

Sylvsmeden på Omdal

Med ei genuin interesse for filigransfaget og ei stø hand som kan gravere på alt frå lastebilskåp til våpen i millionklassa, har sylvsmeden Ingrid Svalastog Kollberg etablert sin eigen arbeidsplass på Omdal.

Den siste snøen smeltar i vårsola og brune tømmerveggar luktar tjære. Ingrid Svalastog Kollberg møter oss på steintrammen til verkstaden – ynskjer smilande velkomen inn i tømra på Omdal. Ho er lett å kome i prat med, sylvsmeden på Telemarkssylv som held til langs Ravnjuvvegen. 

– Sidan 2003 har eg hatt verkstad heime på garden, smiler ho og serverar kaffi. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Då ho var ferdig som lærling i Setesdal ynskte ho å etablere eigen arbeidsplass heime. Og det måtte vere i ei tømre. Ho ville vere her – arbeide åleine – og med ein ektemann som var tømrar kom lokala på plass med god hjelp frå far, svigerfar og ein kar frå Svartdal som lafta. 

– Alle sa det ville ta lang tid å byggje eigen arbeidsplass og inntekt – og det tok år. Ære vere at eg har ein gubbe som skjønar at det å drive for seg sjølv tar tid. Det er vel kanskje ikkje det smartaste å vere to som driv eigne arbeidsplassar i ein familie, men det går fint, seier ho og smiler. 

Set pris på interesse om handverket

Garden Omdal ligg vakkert og majestetisk til oppe i fjellsida. På sommaren er det mange som køyrer fylkesvegen i samband med besøk til det luftige og spektakulære Ravnjuv – stupet som måler 350 meter ned. 

Ingrid Svalastog Kollberg driv Telemarkssylv på Ravnjuvvegen
Ingrid Svalastog Kollberg driv Telemarkssylv på Ravnjuvvegen
Ingrid Svalastog Kollberg driv Telemarkssylv på Ravnjuvvegen
Ingrid Svalastog Kollberg driv Telemarkssylv på Ravnjuvvegen
Sylje laga av Ingrid Svalastog Kollberg,Telemarkssylv
Sylje laga av Ingrid Svalastog Kollberg,Telemarkssylv
Ingrid Allum Kollberg, sylvsmed, filigransarbeidar, driv Telemarkssylv på Ravnejuvvegen i Tokke kommune
Ingrid Allum Kollberg, sylvsmed, filigransarbeidar, driv Telemarkssylv på Ravnejuvvegen i Tokke kommune
Syljer i produksjon hos Ingrid Svalastog Kollberg
Syljer i produksjon hos Ingrid Svalastog Kollberg
Våpenside gravert av Ingrid Svalastog Kollberg
Våpenside gravert av Ingrid Svalastog Kollberg
Ingrid Svalastog Kollberg driv Telemarkssylv på Ravnjuvvegen
Ingrid Svalastog Kollberg driv Telemarkssylv på Ravnjuvvegen

Ingrid fortel at mange kjem innom Telemarkssylv for å sjå kva ho arbeider med i verkstaden, og ho set pris på når folk er interessert i handverket.

– Det er stas å få besøk, få rø med folk og vise og lære dei kva handverket eg arbeider med handlar om, seier ho.

Ho synest det er synd at ikkje handverket er like verdsett nå som før. 

– I gamledagar var det status å vere filigransarbeidar. Ungane våre lærer faget, og har eigne arbeidsbenkar i verkstaden. Dei hjelper til med å lage kuler og andre smådelar. Slik kan dei hjelpe meg, og så tener dei litt lommepengar, smiler ho.  

Kaffi, lodding og røur

Ho er genuint interessert i faget sitt. Vart tidleg interessert – og like tidleg visste ho at dette var det einaste rette å satse på som yrke. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trivst godt i eige selskap. Og eg bestemte meg tidleg for at eg skulle bli sylvsmed. 

Ingrid vaks opp på Mogane i Vinje. Så ofte som ho hadde høve sprang ho over til naboen Vetle Kvaalen for å arbeide med sylv. Han hadde dette som hobby og var den fyrste som lærte Ingrid sylvarbeid. 

– Me drakk kaffi, rødde og arbeidde. Eg var nok ikkje meir enn 10-11 år då eg byrja å vere hos han. Eg minnest eg sat og lodda mal-lekkjer på asbestplate, ler ho og mimrar om gode barndomsminne saman med Vetle.

Kjempeflaks med lærlingplass

Etter ungdomsskulen gjekk turen til Lunde for grunnkurs i formgjevingsfag før den vidaregåande opplæringa heldt fram i Valle. Det var jo sylvarbeid ho ville jobbe med. 

– Eg hadde kjempeflaks då eg fekk lærlingplass hos Gunnar Helle etter vidaregåande – eg var rett og slett veldig heldig. Han er ein dyktig læremeister – og det er framleis slik at om eg treng hjelp eller står fast i arbeidet, ringer eg Gunnar og spør om råd. Det er til dømes mykje verkty me brukar som er heimelaga, og det er ikkje alltid like lett å finne alle løysingane når ein sit heilt åleine for seg sjølv, smiler ho. 

Ho har inntrykk av at mange hadde lita tru på at ho kunne lage sin eigen arbeidsplass på Omdal.

– Men dei seinare åra har eg faktisk hatt meir enn nok å halde på med, smiler sylvsmeden. 

– Det er mykje fjas på Facebook, men for verksemda mi har det vore gull verdt. Eg har kundar over heile landet, ja faktisk utanfor landegrensene også, seier ho.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevar på besøk

Etter jol i fjor starta Tokke kommune med eit nytt tilbod i kulturskulen der både unge og vaksne kan kome i smia til Ingrid for å lage smykke i sylv. 

– Kvar «økt» er to timar, for ein må ha litt tid til å jobbe, og så kjem dei hit ein gong i veka i fem veker. Det er kjempetriveleg å lære bort handverket, vise at det tar tid å skape noko eige frå botn av. Nokre elevar synest nok eg er litt streng, for her må dei file og polere mykje før dei kan ta med gjenstanden heim, smiler sylvsmeden. 

I verkstaden har Ingrid plass til tre elevar, og sylvsmeden er glad for at kommunen kjem med eit tilbod som er litt annleis enn det tradisjonelle kulturskuletilbodet som ein ofte finn andre stader.

– Og så er det veldig bra at vaksne også kan vere elevar i kulturskulen – ikkje berre barn og unge, smiler ho.  

Eigarskap

I den eine delen av verkstadbygget har Ingrid butikk. I glasmonterar ligg ulike smykke, klokker og bunadssylv utstilt. Her er vakkert oksidert filigransarbeid, noko forgylt og ulike gjenstandar som er gravert – både med initialar, dekor, sitat eller vers.

Snart er det nasjonaldag – dagen då mange brukar bunaden – og våren er også tida for konfirmasjonar. 

– Eg har inntrykk av at mange legg mykje tankar og energi i kven som skal brodere og montere ein bunad, men sylvet blir det ikkje lagt så mykje vekt på. Det er synd, seier ho. 

Det er dyrt med bunad, er argumentet til mange. Ingrid vel å sjå litt annleis på det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bunaden er det finaste plagget eg eig. Eg brukar det allstøtt eg – til fest, dåp, bryllaup eller gravferd. Om ein reknar litt på det har ein raskt spart inn bunaden for alle kjolane og fintøyet ein må kjøpe til ulike anledningar opp gjennom åra, konkluderer ho. 

Tar med folk i smia

Når foreldre eller besteforeldre kjem til Ingrid med barnebarn som skal stå til konfirmasjon for å sjå på sylv, veit sylvsmeden korleis ho skal få kundane interessert i arbeidet ho utfører. 

Ingrid vil så gjerne at folk skal forstå bakgrunnen for produktet. Ta eigarskap og del i – og gjerne endre haldninga dei har til det dei må betale for. 

– Eg tar gjerne med kunden inn i smia. Slik at dei kan vere med å lage litt av sylvet dei skal bere. Å lage kuler er ein liten og enkel detalj, men ein ser litt av prosessen. Ein ser kor mange små delar som til slutt blir eit produkt – og eg håpar at eg får nokon til å forstå kor mykje som ligg bak, seier ho. 

– Mange seier at dei synest handlaga sylv til bunaden er dyrt, men støypt sylv – det er dyrt det. Eg trur ikkje folk aner kor mykje arbeid som ligg i ei handlaga sylje – det er kunnskap dei manglar. Eg trur berre uttrykket «bunadssylv er dyrt», har blitt ei innarbeidd frase, dessverre, seier ho.  

Kundens arbeid i glaset

Me blir med inn i verkstaden, i glaskarmen ligg små posar med ulike namn.

– Her ligg det kuler som kundane sjølv har laga. Kulene i denne vesle plastposen skal vere på sylja til ein konfirmant. Slik at ho også vore med å laga ein bit. Sjå at alt eg har bygd saman av mange små detaljar og delar, og litt av det har ho sjølv vore med å laga, smiler Ingrid. 

Med ny bunad blir sylv også tema. Ingrid undrar kvifor konfirmantane som får bunad skal ha så mykje sylv med ein gong.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Folk klagar på at det blir så dyrt med bunad, men kvifor skal dei lesse ned konfirmantane med sylv. Ein skal då sjå den flotte jenta – det er det som er det viktige. Før var det slik at kvinnene ikkje bar bolsylja før dei vart gift. Det går an å starte med litt sylv og heller byggje på med meir etterkvart. Meir er ikkje jamnt det som er vakrast, poengterer sylvsmeden.

Graveringstur

Ingrid arbeider mest med arbeid av plate og tråd i sylv, men også med handgravering. Ikkje berre initialar på eit smykke eller ei beltespenne. Ho tek på seg oppdrag med å gravere våpen. 

– Eg har lært meg at eg ikkje skal spørje om kor mykje dessa børsene kostar. Eg berre gjer jobben min, gliser ho og fortel om ein episode der ho fekk eksakt svar på verdien av våpenet ho hadde til gravering. 

– Då fekk eg litt hakeslepp …

Det er ikkje så ofte desse oppdraga kjem, men Ingrid fortel at ho kanskje graverer eit par våpen i året. Elles blir det gjerne både gravyr på bundassylv sjølvsagt, lommeklokker, beltespenner eller anna. 

– Av dei meir spesielle oppdraga har det vore gravering på eit lastebilskåp, ulike våpen eller forskjellige musikkinstrument, fortel ho. 

– Korleis kom interessa og oppdraga med å gravere på våpen?

– Eg sat på villmarksmessa og møtte ein kar som hadde arbeidd hjå Purdey i England med våpengravyr. Han ordna undervisning for meg i gravering hjå ein engelskmann som hadde teke læretida hos våpenprodusenten Holland & Holland og vore sjefsgravør hos Purdey, svarar ho. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore på fleire besøk til ulike gravørar, og sist haust tok eg med meg Gunnar Helle, som var min læremeister i Setesdalen, over til Rigby i London der me fekk omvisning på verkstaden. Me blei varta opp som gode kundar – utruleg korleis dei tek i mot alle og brukar tid på oss sjølv om me ikkje skulle handle, seier Ingrid. 

– Det er ikkje så ofte ein møter folk som er så genuint interessert i arbeidet sitt. Og det var himla moro å kome inn på verkstaden, det var som å kome hundre år tilbake i tid, seier ho. 

Arvesylvet

På verkstadbenken ligg det bunadssylv som er inne for ein finpuss og reparasjon før nasjonaldagen. 

– Om ein arvar sylv, må ein bruke det og ikkje gøyme det bort. Men av og til kan det vere lurt å ta ein skikkeleg reins og vask av syljene. Det hamnar jo gjerne både ertesuppe og is på sylvet på 17. mai. Folk må vere snille med – og ta vare på sylvet sitt, oppmodar Ingrid. 

– Og det er kjempemoro å pusse opp gamalt og gjere det brukbart att. Ein enkel måte å ta ein kjapp finpuss av sylvet du har heime kan du gjere med ei skål lunka vatn der du har ei teskei salmiakk og nokre dråpar zalo oppi. Så kan du vaske sylja med til dømes ein tannbørste. Etterpå må du skylje og tørke sylvet godt. 

Etter nasjonaldagen er det viktig å oppbevare sylvet på rette måten for at det skal behalde glansen. 

– Bruk syrefaste og luft-tette plastposar. Hald sylvet langt frå gummistrikk og lås det inn i safen. Vær så snill å ikkje la sylvet liggje i ei konfektøskje i skåpet. Hugs det er mykje som ikkje kan bli erstatta – det er unikt, seier sylvsmeden som innrømmer at ho ser mykje brødposar, kakeboksar og konfektøskjer når kundar kjem innom med sylv som treng oppussing. 

– Og viss nåla går sund 17. mai i år, vær grei og kom innom for å reparere sylja litt før 16. mai neste år. Kva med å ta turen til ein sylvsmed 18. mai? smiler sylvsmeden på Ravnjuvvegen lurt.