Gunn Aslaug Seltveit Bøe, og Kjetil Vaagen.
Gunn Aslaug Seltveit Bøe, og Kjetil Vaagen.

Startar prosjektering av Vinjesenteret

Formannskapet i Vinje vedtok på sist møte å starte prosjektering og planlegging av Vinjesenteret, slik at det kan lysast ut i 2019.

Børre Rønningen (Ap) og Børge Skårdal (V) var skeptiske til å vedta oppstart og røysta mot framlegget.

– Eg synest det er for tidleg å setje i gang full prosess med prosjektering i 2019, før ein har avtale med fleire aktørar om finansiering. Byggjestart i tidleg 2019 verkar heilt urealistisk, sa Skårdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Jon Rikard Kleven meinte vedtaket var eit signal om at prosjektet er på gang.

– Eg skal i møte med kulturministeren 16. juni. Bidraget frå regjeringa er på 30 prosent, mellom åtte og ein halv til ni millionar kroner, sa Kleven.

Kjetil Vaagen (Sp) undra på om det var andre som ville bidra.

Rådmann Jan Myrekrok fortalde at det var sendt søknad til fylkeskommunen, og at det var tale om å halde eit arrangement for potensielle givarar.

Kva skjer i dag?

Rønningen stilte spørsmål ved aktiviteten ved senteret i dag.

– Eg er usikker på om det er riktig å plassere dagleg leiar for Vinjesenteret i kommunehuset, og kunne heller tenkt meg at han hadde arbeidsstad på Vinjar, sa Rønningen. Øystein Høgetveit (SV) støtta framlegget om prosjektering.

– Det er rett å syne at prosjektet er i gang, for det er mange som lurar på kva som skjer med senteret. Når det gjeld plasseringa til dagleg leiar så ser eg argumenta, men eg trur det er viktig at han er ein del av eit miljø med høve til trivsel, sa Høgetveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skårdal hadde lite tru på signaleffekten.

– Prosjektering er ein intern fagleg prosess. Det er ingen som ser den, og eg er einig med Rønningen om at dagleg leiar burde ha arbeidsstad der senteret skal vere. Eg har ikkje lyst til å røyste mot, men skjønar ikkje at det kan vere noko problem å utsetje det slik at det kjem med i budsjettprosessen, sa Skårdal.

Kalkyler

Kleven meinte Vinje kommune ikkje kunne legge seg opp i plasseringa av dagleg leiar av Vinjesenteret.

– Me har ikkje arbeidsgjevaransvar og kan ikkje bestemme kvar han skal ha arbeidsstad. Han fekk tilbod av kultursjef om eit ledig kontor på kommunehuset, sa Kleven.

Vaagen gjekk inn for å setje i gang arbeidet.

– Eg skjønar godt argumenta til Rønningen, men trur det kan vere greitt å starte prosjekteringa og få nokre kalkylar. Då kan det bli lettare å få finansiert prosjektet, sa Vaagen.

I rådmannens framlegg heiter det at Vinje kommune ynskjer å byrje prosjektering av bygget og utarbeide naudsynte forprosjektteikningar for utlysing av prosjektet i 2019. Ved utarbeiding av detaljgrunnlag for utlysing vil og kostnadsoverslaget bli noko meir nøyaktig. Det vart vedteke med fem mot to røyster.