Festleiar Terje Haugland takka Magne Raundalen for ei flott tale på nasjonaldagen, og overrekte blomar og eit arbeid frå Terje Grøstad. – Til meg, no vart eg heilt stum, takka ein svært overraska og glad Raundalen.
Festleiar Terje Haugland takka Magne Raundalen for ei flott tale på nasjonaldagen, og overrekte blomar og eit arbeid frå Terje Grøstad. – Til meg, no vart eg heilt stum, takka ein svært overraska og glad Raundalen.

– Snakk med barna om alt

Årets festtalar på 17. mai i Flatdal, barnepsykolog Magne Raundalen, oppmoda alle til å snakke meir med barna. Snakke meir om alt.

Kveldsprogrammet på årets nasjonaldag på samfunnshuset i Flatdal hadde ein vakker start då svartdølen Edda Høydal framførte Marthe Wang sin «Til deg». Høydal hadde med seg Oddbjørn Aase på tangentar og blåsarar frå Flatdal skulekorps. 

Kveldens hovudtalar vart introdusert av festleiar Terje Haugland. Han var svært stolt over at flatdølane hadde klart å lokke den kjente og aktuelle barnepsykologen busett i Bergen, Magne Raundalen, til bygda på sjølvaste 17. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men å tale på det som har blitt barnas dag, det passar meg godt, innleidde Raundalen som er fødd i Tørdal og har hytte i Hjartdal.   

Gode samtalar

Raundalen snakka om det å vere eit medmenneske og om eit tidlegare besøk til Flatdal den gongen han utdanna seg. 

– Eg var her ein heil dag, og det var denne dagen omgrepet «Kam» blei skapt. «Kam» står for kontakt, aktivitet og meining. Det er det barn treng. Noko av det aller viktigaste ein skal hugse på, er å snakke med barna. Kanskje snakkar me for lite med dei i dag, undra han. 

Han minna om at barn er kloke, ærlege, dei er små forskarar og dei stiller gode spørsmål. 

Raundalen fortalde om samtalar han har hatt med barn opp gjennom åra, om snakkehjørne han hadde etablert i ein barnehage, og presenterte nokre morosame historier om samtalar med barn.

– Av og til er det vanskeleg å vite kva ein skal seie, og kva ein skal svare dei små. Men hugs, dei vanskelege tema, dei som barna får inn frå alle moglege digitale kanalar i dag – det er kanskje betre at du som vaksen snakkar med barna om dette, oppmoda han.

Å bry seg om

I tillegg til barn, kom Raundalen også innom temaet «snakk på bygda». Den gode sida av bygdedyret – den at ein faktisk bryr seg om kvarandre. 

– Eg minnest ei kvinne i Hjartdal, ho hadde sett bilen min stå parkert nedanfor hytta. Men ho hadde ikkje sett meg på dagevis, og vart svært så uroleg for at det kunne hendt meg noko. Bygdedyret er langt betre enn sitt rykte, konkluderte Raundalen.