Det var ikkje noko å seie på engasjementet til næringslivet og andre i møte om stenging av Spjotsodd bru.
Det var ikkje noko å seie på engasjementet til næringslivet og andre i møte om stenging av Spjotsodd bru.

Slepp unna sommarstenging

– Det går nok mot vinterstenging av Spjotsodd bru, seier Vegvesenet, etter møte med næringslivet.

Hengebrua Spjotsodd på riksveg 41 i Kviteseid treng rehabilitering og oppgradering. Brua skal stivast av og bli forsterka. I arbeidet som må skje under brua er det farleg å arbeide der ved store bevegelsar, slik det blir i brua når tungtransport køyrer over. Heile forsterkinga må skje samtidig, og det vil ta fire månader. Spjotsodd bru vil då bli stengt for køyretøy over 3,5 tonn heile denne perioden.

Nyleg hadde Vegvesenet møte med næringslivet og andre aktuelle som blir rørt av stenginga. Før ein kom inn på utfordringar og løysingar, blei det opplyst at Vegvesenet i utgangspunktet ynskjer stenginga i perioden mai til august. Sjølve anleggsperioden er på åtte månader, og arbeidet vil koste 20 til 30 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har ikkje desse pengane i dag, men satsar på at bruarbeidet kan starte i 2017, sa Vegvesenet.

Så opplyste instansen at omkøyringsveg vil vere Åmot–Dalen, bakkane opp til Holte bru og vidare til Vrådal.

– Det vil auke køyrelengda med 1,5 timar, sa Vegvesenet.

Etter kvart fekk Halvor Uldal Kåsa i Vegvesenet mange utfordringar nedskrive på papir og hengt på veggen.
Etter kvart fekk Halvor Uldal Kåsa i Vegvesenet mange utfordringar nedskrive på papir og hengt på veggen.
Arild Nærum i Vegvesenet lovar eit svar i løpet av april om periode brua blir stengt, men seier til VTB at det nok blir å gjere arbeidet om vinteren.
Arild Nærum i Vegvesenet lovar eit svar i løpet av april om periode brua blir stengt, men seier til VTB at det nok blir å gjere arbeidet om vinteren.

– Då skal du køyre fort …, kom det raskt frå salen.

Katastrofe

Næringslivet møtte med representantar frå mellom anna AT Skog, Vestviken kollektivtrafikk, Telemark Bilruter, Telemark Godslinjer, Bergene Holm, Dyrsku'n arrangement, Kviteseid betong, Renovest, Straand hotell og andre frå reiselivet. Vidare var politi, brannvesen og representantar frå fleire kommunar til stades.

Reiselivet var tidleg frampå med at mai– august er verste perioden å stenge brua for tyngre køyretøy. Vrådal vil bli hardt råka. Rundt 40 årsverk på Straand hotell tek seg av 15 000 gjestedøgn, og heile Vrådal har 40 000 gjestedøgn dei fire sommarmånadene.

– Det er sommaren som betyr noko, og det er nok av svoltne ulvar som vil ta trafikken frå oss. Me er avhengige av aust–vest. Eg forstår at det må gjerast vedlikehald på brua, men stenging i mai– august vil få katastrofale fylgjer for oss. Me kan nesten gå til skifteretten med ein gong, sa hotelleigar Johan S. Straand.

Mykje betongkøyring

Andre som nyt god av sommargjestene er Dyrskuplassen som har rundt 200 000 besøkande frå mai til Dyrsku'n er over i midten av september. Stengt bru i denne perioden vil vere svært uheldig for dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kviteseid betong er også svært avhengig av Spjotsodd bru, og stenging om sommaren vil bli katastrofalt for verksemda. 85 prosent av årleg betongleveranse skjer frå juni til november. For ein betongbil vil ein tur til Vrådal med stengt bru og omkøyring ta 3,5 timar ekstra.

Skuleskyssen får ein ekstrakostnad om ein må ha buss på kvar side av brua og at passasjerane går over ho.

– Dei få ekstra kronene skal eg jammen betale. Og pensjonistar er ti gonger verre å jage over brua enn skuleelevar, skaut Johan Straand engasjert inn.

Vakt i berga

På møtet opplyste Vegvesenet at ambulanse over 3,5 tonn får køyre over brua i stengeperioden. Men då må ein fyrst varsle bruoperatøren som må stoppe jobben til ambulansen har passert.

Brannbil får ikkje passere.

– Kviteseid brannvesen dekkjer også Vrådal, og dei har ikkje tid til å tenkje omvegar, sa Tore Metveit i Vest-Telemark brannvesen.

– Er det mogleg å byte brannberedskapstenester mellom kommunane, undra Vegvesenet.

– Beste løysinga er å leige brannbil som står på innsida av brua, svara Metveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å gjere bruarbeidet om vinteren gjev ein ekstra kostnad for Vegvesenet.

– Me må vere løysingsorientert. Det er mykje betre å gjere arbeidet vinterstid, enn at hotell eller noko anna går konkurs. Og om me brukar 1–2 millionar kroner på ekstra vakt i berga frå Dalen til Holte bru er det ein dråpe i havet, sa Vegvesenet, og ser føre seg forsterka vedlikehald på den bratte strekninga i Skafsåberget om Spjotsodd blir vinterstengt.

Optimist

– Kan me sove trygt på at me unngår sommarstenging, spurde Straand på slutten av møtet.

– Me skal ikkje banke noko i dag, men vil kome med ei tilbakemelding i løpet av april, svara Vegvesenet.

– På vegne av festkomiteen vil eg takke for mange gode innspel, avslutta Arild Nærum. Han var ein av fleire representantar frå Vegvesenet på samlinga.

– Har du tru på at ein unngår å stenge brua i sommarsesongen, spør VTB Straand etterpå.

– Eg er nøydd til å vere optimist. Eg tolkar signala frå Vegvesenet som positive. Det er viktig å få ei avklaring om stengeperiode så fort som råd, svarar hotellmannen.

Spørsmålet går til Vegvesenet om stengeperiode.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går nok mot vinterstenging. Sommaren blir det nok ikkje, svarar Nærum.

«Møsvasskonsesjonen» Ytringar på side 29.

Sagt på møtet

-

Er det mogleg å samarbeide med forsvaret om flytebru som ei øving?

-

Denne saka er svært viktig for alle kommunane i Telemark.

-

Dette er marginale område å drive reiseliv i.

Artikkelen held fram under annonsen.

-

Det er viktig med samspel med næringslivet.

-

Tømmertransport og vogntog opp frå Dalen er nok veldig tøft vinterstid.

-

Å køyre ti mil ekstra for å kome til Dyrskuplassen, det …

-

Sommarstenging vil også råke Bø sommarland.

Artikkelen held fram under annonsen.

-

Eg håpar inderleg næringslivet blir høyrd.

-

Den største næringsveksten i fylket no er i Vest-Telemark. Det er viktig å ha med dette også.

-

Snarvegen Fjågesund–Kilen og over Seljordsheia er ueigna for tungtransport. God skilting er viktig.

-

Renovasjonen får ved brustenging ikkje dei største utfordringane. Me skal ikkje leite bare etter problem.

-

Viss skuleelevar og passasjerar skal gå over brua, bør det kanskje vere fylgjevakt.

-

Eg har høyrd det skal vere ei flytebru i Setesdal.

-

Vegvesenet vil vurdere flytebru.

-

Kva med ferjedrift?

-

Det er viktig å ha samfunnsrekneskapen i bakhovudet.