Mesta vil ha ansvaret for vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegar, som til dømes brøyting vinterstid over Haukelifjell på E134. (Arkiv
Mesta vil ha ansvaret for vegvedlikehaldet på riks- og fylkesvegar, som til dømes brøyting vinterstid over Haukelifjell på E134. (Arkiv

Signerte Noregs største drifts- og vedlikehaldskontrakt

Ein kontrakt med verdi på over 800 millionar kroner sikrar Mesta drifts- og vedlikehaldskontrakten for vegane i Vest-Telemark. Kontrakten er den største som er signert i Noreg nokon gong.

Administrerande direktør Kurt Opseth i Mesta og regionvegsjef Kjell Inge Davik i Statens vegvesen region sør skreiv tysdag under den historiske kontrakten. Avtala sikrar Mesta drifts- og vedlikehaldsarbeid for 843 kilometer av vegane i store delar av Vest-Telemark frå 1. september i år og åtte år fram i tid. 

Berre ein gong tidlegare har tilsvarande kontrakt som er gyldig i åtte år blitt signert i Noreg. Det skjedde i Vestfold i fjor. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– I den nye kontrakten er det sett tøffare krav til miljø enn tidlegare, seier regionvegsjef Davik. 

Krav om lærlingar

Entreprenøren er plikta å ha lærlingar tilsvarande fire prosent av arbeidstimane, i tillegg har underentreprenørane tilsvarande krav for ein prosent av arbeidstimane. Køyretøy som skal bli bruka må tilfredsstille Euro 6 (dei nye europeiske utslippskrava for køyretøy) og det blir også sett miljøkrav til anleggsmaskinene. 

– Den nye kontrakten gjeld for åtte år, ikkje fem som tidlegare. Det vil gjere det lettare for entreprenøren å få betre lønssemd for maskindrifta, seier regionvegsjefen. 

Tysdag signerte regionvegsjef Kjell Inge Danvik kontrakten til ein verdi av 800 millionar kroner med administrerande direktør i Mesta AS, Kurt Opseth (t.h.). Samferdlesjef Hildegunn Sørbø i Telemark fylke er godt nøgd med kontrakten.
Tysdag signerte regionvegsjef Kjell Inge Danvik kontrakten til ein verdi av 800 millionar kroner med administrerande direktør i Mesta AS, Kurt Opseth (t.h.). Samferdlesjef Hildegunn Sørbø i Telemark fylke er godt nøgd med kontrakten.

Han fortel vidare at det i tillegg blir sett tydelege krav til hovudentreprenørens kompetanse og korleis oppgåvene vil bli løyst. 

Nye maskiner til 60 millionar 

Administrerande direktør i Mesta AS, Kurt Opseth, opplyser at Mesta vil investere i nye maskinar for 60 millionar kroner. Og sidan kontraktstida er utvida ventar han å få utnytta maskinparken betre. 

Distriktssjef for Mesta Telemark, Iselin Stundal, seier at kontrakten stiller høge krav til materiell og køyretøy, der det mellom anna er ulike miljøkrav og spesifikke krav til antal, storleik og kapasitet på brøytebilar. 

– Me kjem til å investere i nytt og moderne utstyr som både tilfredsstiller krava og som dekkjer vårt behov for effektive og nyttige vedlikehaldsmaskiner, seier Stundal.

Ho fortel vidare at alt eige utstyr spesifisert i kontrakten skal i bruk av eigne tilsette, men fleire av Mestas interne avdelingar vil også arbeide med kontrakten, som til dømes tunellreinhald, fjellsikring og rekkverksmontørar. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me vil også engasjere underleverandørar, både på sommar og vinter, og interessa frå desse har vore over all forventning.

Base i Vrådal

I samband med kontrakten vil det i dei mest arbeidskrevjande periodane vere knytt 35-40 tilsette til Mesta sitt kontor i Vrådal. 

– Kontoret vil vere i Vrådal, men dei fleste tilsette vil vere ute på vegnettet, seier Stundal som meiner mellom 50 og 60 årsverk er sikra arbeid knytt til kontrakten dei neste åtte åra dersom aktiviteten blir som venta.

Stort område

Kontraktsområdet er geografisk stort og omfattar drift- og vedlikehald av 843 kilometer veg i kommunane Vinje, Fyresdal, Nissedal, Tokke og Kviteseid i tillegg til Gautefallheia i Drangedal kommune. 

– Kontrakten omfattar i tillegg til riks- og fylkesvegar også heile E134 over Haukelifjell til Røldal i Hordaland på den andre sida av fjellet. Her satsar me ekstra, og har tilsett ein person hos oss som skal fylgje høgfjellsstrekninga på nært hald, legg regionvegsjefen til. 

Vil ikkje salte

Mesta seier også at dei vestre delane av Telemark ikkje er av dei mest trafikkerte, men området omfattar vegar som gjev dei ekstra utfordringar. Det gjeld bratte bakkar og høgfjellsterreng over Haukeli. 

– Ingen av vegane i kontrakten har barmarksstrategi, det vil seie at det ikkje skal bli salta. Unntaket er i overgangsperiodar når spesielt vêr gjer at salt blir naudsynt, opplyser Mesta.