Eit mangeårig snakk om sal- og bytedag blei til det fyrste arrangementet av sitt slag laurdag. Fyresdølen Anne Veum likar ikkje å kaste brukelege ting. Ho hadde stand i samfunnshuset saman med elleve andre.
Eit mangeårig snakk om sal- og bytedag blei til det fyrste arrangementet av sitt slag laurdag. Fyresdølen Anne Veum likar ikkje å kaste brukelege ting. Ho hadde stand i samfunnshuset saman med elleve andre.

Sette søkjeljoset på gjenbruk

Anne Veum frå Fyresdal har alltid vore oppteken av gjenbruk. Laurdag tok ho, saman med fire andre, initiativ til sal- og bytearrangement i bygda.

«Alle har vi ein del ting og tang – kanskje litt for mykje? Det som ikkje lenger passar meg, passar kanskje deg?»

Slik inviterte fyresdølane Anne Veum, Anne Ågot Stensland, Linda Aas, Ingunn Lauvrak og Torhild Bondal til den fyrste sal- og bytedagen i bygda.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I mange år har me vore fleire som har snakka om at det hadde vore moro å hatt ein sal- og bytedag, seier Anne Veum.

I år tok ho initiativ til at det kom på plass eit slikt arrangement, og tilbakemeldingane ho fekk om dette var veldig positive. Dei fem arrangørdamene sende ut invitasjon til bygdefolk om å ha stand i samfunnshuset, og laurdag var det 12 lokale seljarar på plass dei seks timane det nye tilbodet varte.

– Nokon andre trekte seg like før, for dei kunne ikkje likevel. Me tek ikkje betaling av dei som har stand, og me fem privatpersonane betaler leiga av samfunnshuset, seier Veum.

Kvartetten bruka mykje tid på å rigge til for arrangementet, og ryddinga etterpå kom heller ikkje av seg sjølv.

Vanskeleg å prise

– Me lever i eit veldig forbrukssamfunn. Eg har alltid vore oppteken av gjenbruk, eigentleg på alle ting. Eg likar ikkje å kaste ting som er brukeleg. Ein må heller «kaste» det til andre for ein brukeleg pengesum, seier Veum.

Ho trur ingen er flaue for å kome og selje bruka ting. Utfordringa ligg heller ein annan stad:

– Det er veldig vanskeleg å prise bruka ting, og ein del ting i dag er heilt nytt, seier Veum under ein prat med lokalavisa éin time etter at sal- og bytedagen er i gang.

– Det har alt vore utruleg mange her, eg hadde ikkje trudd det ville vore den interessa, seier Veum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho ser gjerne at det hadde blitt høve til å ha ei stor bruktbu i Fyresdal sentrum der bygdefolk som ynskte det kunne selje eigne ting.

– Bua kunne vore ope til dømes kvar laurdag, og me kunne delt på å jobbe der, seier gjenbruksglade Veum.

Kjempefint tiltak

I samfunnshus-salen blir me møtt med eit rikt utval av mange ulike ting, frå sportsutstyr og leiker til sko, klede og interiørvarer. Ved kvart sitt salsbord sit Rita Metveit og dottera Stine.

– Me har litt for mykje. Kanskje andre kan ha glede av det me ikkje brukar sjølve lengre. Eg trur mykje som er brukeleg blir kasta rundt omkring, men eg trur folk blir meir og meir bevisste på gjenbruk. Eg skulle ynskt det kom ein bruktbutikk i sentrum, seier Rita om å ha ein fast stad der bygdefolk kan la andre overta ting og tang.

Stine har alt fått selt ein del barneklede denne dagen, særleg uteklede.

– Det er dyrt å kjøpe nytt, erfarer ho.

Både Rita og Stine synest sal- og bytedagen er eit kjempefint tiltak.

– Og det er sosialt og moro her. Det er mange hyggelege folk innom, er mor og dotter samde om.

Artikkelen held fram under annonsen.

To gonger i året

Dagen etter kjem Anne Veum med denne oppsummeringa av det nye tilbodet i bygda:

– Me som stelte til er eigentleg veldig nøgde, og eg trur alle som selte ting var nøgde med salet. Me fekk tilbakemeldingar om at initiativet til sal- og bytedagen var flott, og at fleire vil vere med og ha stand neste gong.

Veum synest det var bra med folk på arrangementet, men nokon meinte det kunne vore fleire folk til stades. Det tenkjer Veum kan skje med endå meir annonsering ved neste høve. For det kjem.

– Me har plan om å ha sal- og bytedag to gonger i året, seier Veum, ein femtedel av ein damegjeng gira på gjenbruk.