Semje om jordbruksavtale

Jordbruksorganisasjonane har blitt einige med staten om jordbruksavtale for 2019.

Onsdag ettermiddag blei Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag einige med staten om jordbruksavtale for 2019, etter ni dagar med forhandlingar. 

– Vi har greidd å styrke marknadsbalanseringa ved at regjeringa har gått med på å innføre verkemiddel som forsterkar moglegheita til å balansere marknaden for sau og svin. Det er svært viktig for næringa på både kort og langt sikt, og sterkt medverkande til at vi kunne inngå jordbruksavtale med staten i år, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes i ei pressemelding. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Utgangspunktet for årets jordbruksforhandlingar var jordbrukets krav på 1830 millionar kroner, som blei møtt av eit tilbod på 1000 millionar kroner. 

Gunnar Haugo frå Rauland meiner årets jordbruksforhandlingar er eit steg i rett retning. 

– Det som er positivt er at dei legg litt om profilen, med tanke på at dei vil støtte dei små og mellomstore bruka, uttala han til Nationen. 

Jordbrukssemja

-          Ramme: 1100 millioner kroner

-          Lyft for velferdsordningar i landbruket. Sikre bønder betre moglegheiter til avløysing ved sjukdom og til ferie og fritid. 

-          Lyft for velferdsordningar i landbruket. Styrking av tilskot til brattlent areal.

-          Det blir eit særskilt tilskot for små og mellomstore mjølkebruk. 

-          Botnfrådraget forblir på kr 6 000.

Artikkelen held fram under annonsen.

-          Alle setrer får eit tilskot på kr 50.000. 

-          Frukt, bær, grønt og korn er prioriterte produksjonar i årets oppgjør.