Roar Slinde, Simon Brekkan, Bu Reh, Remi Nerbø, Øyvind Oland, Mohammed Hiis, Robin Andersson. Nicklas Signebøen var ikkje tilstades då bilete vart teke.
Roar Slinde, Simon Brekkan, Bu Reh, Remi Nerbø, Øyvind Oland, Mohammed Hiis, Robin Andersson. Nicklas Signebøen var ikkje tilstades då bilete vart teke.

Seljord berga plassen

I ein tett og nervepirrande kvalifiseringsfinale mot Siljan, vann Seljord 2-1 og sikra plassen i sjette divisjon.

Seljord har slite denne sesongen, men kom best i gang i kvalifiseringsfinalen mot Siljan. Jan Inge Rygh banka inn 1-0 etter berre fem minuttars spel, og målgivande sto Bu Reh for med eit flott innlegg frå høgre kant.

I tida etter scoringa følte laga seg litt meir fram og ingen kom til dei store sjansane, men etter eit kvarters tid kom Siljan til ei god avslutning på hjørnespark, der keeper Remi Nerbø redda meisterleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre nokre få minutt seinare vart ein Siljan-spelar felt rett utan for sekstenmeteren og det vart dømd frispark. Den gjekk rett i mål, og laga var likt igjen.

Dei neste ti minutta vart prega av mykje duellar og balltap i midten av banen, men etter halvtimen spelt varta Seljord opp med ein susande overgang som enda med ei avslutning som gjekk over mål.

Uavgjort til pause

Ettersom tida gjekk mot pause byrja det å skje ting i begge endar av banen. Siljan fekk ein enorm sjanse på eit hjørnespark, og Seljord skapte eit par gode moglegheiter rett før dommaren blåste av til pause.

Seljord var frampå ein del gonger etter sidebytte, men det skjedde ikkje det heilt store før Siljan stanga ein ball i nettet då klokka viste 70 minutt, men det vart korrekt avblåst for angrep på keeper.

Det kan sjå ut til at Seljord tok dette skremmeskotet alvorleg, for fem minuttar etterpå sette Matjas Loftesnes ballen i krysset med eit utsøkt hovudstøytt frå eit hjørnespark av Olav Listaul.

Heseblesande innspurt

Målet førte naturleg nok til at Siljan måtte ta fleire sjansar offensivt, og Seljord fekk ein god sjanse i det 85 minutt, kun avverga av ei feber-redning frå målmannen til Siljan.

Sluttminutta vart som dei plar når eit lag leiar med berre eit mål. Det vart kjempa hardt og godt, men Seljord såg ut til å ha god kontroll på resultatet heile tida fram til dommaren blåste av kampen. Til glede for alle Seljordingane som hadde møtt opp for å heie fram sine lokale heltar.