Torfinn Hovden Aabø frå Kviteseid, Martin Listaul frå Åmotsdal og Knut Halvor Erikstein frå Bøgrend trenar ofte saman i Oslo. Denne måndagen var dei samla for å springe oppover den velkjente akebakken Korketrekkeren.
Torfinn Hovden Aabø frå Kviteseid, Martin Listaul frå Åmotsdal og Knut Halvor Erikstein frå Bøgrend trenar ofte saman i Oslo. Denne måndagen var dei samla for å springe oppover den velkjente akebakken Korketrekkeren.

Samlar vesttelar på trening i byen

Namnet på gruppa seier sitt. I «Træne kvør dag heile tii» er det lurt å vere sprek.

Dei kjem springande med stistavar i skumringa. Det er eit par månader før dei kan rekne med å ta med skia i tillegg, men desse vesttelane førebur seg godt til vinteren. Kvar måndag møtas dei til såkalla elghufs, i ei av Oslos tøffaste motbakkar, Korketrekkeren.

Alltid nokon å trene med

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kom me så langt opp i fjor, då? Formen kan ikkje ha blitt dårlegare i sommar, konstaterer Torfinn Hovden Aabø (24).

Dei har hufsa seg opp dei bratte kneikane. Forbi Holmenkollen, Frognersetra og til toppen ved det karakteristiske Tryvannstårnet. Nå heng kviteseidingen Torfinn Hovden Aabø, Knut Halvor Erikstein (23) frå Bøgrend og Martin Listaul (23) frå Åmotsdal over stavane og prøvar å få igjen pusten.

– Det var bra til å vere fyrste økt. Dette kjem til å bli bra utover hausten, meiner Erikstein.

Dei har sett seg ned ved foten av tårnet og fortel om gruppa dei starta i fjor. Facebook-gruppa med namnet «Træne kvør dag heile tii› husar 17 medlemmer, dei aller fleste vesttelar, men med nokre få innslag frå nabokommunane Drangedal og Bø.

– Namnet beskriv nok gruppa godt, meiner Aabø.

– Ja, om du vil kan du få med deg folk på trening kvar einaste dag. Det er viktig. Me må køyre på med faste rutinar, så blir me nok fleire og fleire utover hausten, seier Erikstein.

– Ikkje noko filter

Gjennom heile året trenar dei saman, anten det er lange springeturar, intervalløkter som i kveld, deltek på løp eller skiøkter i Marka om vinteren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det høyres jo ut som om me berre omgås vesttelar, seier Erikstein og ler.

– Eg gjer au det eg. Einaste gongen eg høyrer andre dialektar er på bussen heim, seier Listaul og gjengen ler godt.

Ein forstår fort at det ikkje berre er trening som er viktig når denne gruppa møtast.

– Fyrste bod er jo at ein gler seg til å møte folk på trening. Eg likar godt praten og me har mykje felles heimanfrå, seier Listaul.

– Heilt einig. Det er ikkje noko filter. Eg veit ikkje om eg saknar heime meir eller mindre når eg trenar med dykk eg. Ein får iallfall bekrefta at det er mange raringar frå Vest-Telemark, humrar Aabø.

Satsar mot Vasaloppet og Birken

Dei joggar ned og flirer. Fornøgde med å vere ferdig med vekas tøffaste treningsøkt. Denne økta er god å ha med seg fram mot vinterens store mål som er Vasaloppet og Birkebeinarrennet for desse tre og store delar av gruppa. Men om nokre år har kanskje den same gjengen, den same økta i ein av Vest-Telemarks brattaste bakkar?

– Viss me klarer å få 10 stykk til å hufse i Korketrekkeren på ein måndagskveld etter ein hard helg, bør det fader meg vere mogleg å få alle til å flytte til Vest-Telemark au, slår Aabø fast med eit glis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil du få meir ut av springeturen og bli endå betre førebudd til vinteren kjem? Gjer som sprekingane i Træne kvør dag heile tii og finn fram skistavane frå skiboden!

 Elghufs

Elghufs er eit fast innslag i alle langrennsløparars trening om hausten. Men det er like god trening for mosjonistar. Finn fram skistavane dine, eller barna sine, for det ideelle er at stavane er cirka ti centimeter lågare enn det du brukar på ski. I elghufs skal du ikkje springe vanleg med stavane, men etterlikne måten du går klassisk diagonalgang på. Du kan fokusere på å lande på hælen, vere lett framoverbøygd og rette ut beinet når du sparkar frå slik at du heng litt i lufta i kvart fråspark. Finn ein slak motbakke og prøv deg fram med til dømes 8 x 45 sekund i byrjinga, før du kan halde fram med lengre drag som til dømes 5 x 3 minutt. Her får du brukt heile kroppen!

 

PS: Om du synest det høyres litt for ambisiøst ut å hufse deg oppover tunge motbakkar, kan du framleis ta med skistavar om du skal gå deg ein tur. Skigang med stavar der du trykker ekstra til i fråsparka, brukar armane godt og tek litt ekstra lange steg i motbakkane er kjempegod trening der du brukar heile kroppen.