Ida Strigen (t.v.) og Anja Due, båe 15 år og frå Kviteseid, brørne Svein Tore (14) og Jostein (16) Kilen Tveit og Kjell Steinar Liane (36) frå Seljord på kurs med Reidar Skogheim.
Ida Strigen (t.v.) og Anja Due, båe 15 år og frå Kviteseid, brørne Svein Tore (14) og Jostein (16) Kilen Tveit og Kjell Steinar Liane (36) frå Seljord på kurs med Reidar Skogheim.

Reidars (78) pensjonisthobby er å lære andre om sjøvett

Dei som nyleg deltok på båtførarkurset til Reidar Skogheim, kjem nok alltid til å bruke redningsvest i framtida.

I eit maritimt båtnaust hos Reidar Skogheim i Seljord ein laurdag føremiddag i starten av november er fem deltakarar godt i gang med helgekurset for å lese seg opp og ta båtførareksamen. Alle har kvar si komplette lærebok som inneheld alt ein treng å lære og vite om i samband med båtlivet. Denne dagen snakkar dei detaljert om tryggleik og at det gjeld å oppføre seg på vatnet.

Ida Strigen (15) frå Kviteseid synest kurset er lærerikt og interessant.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg merkar at det er veldig fokus på tryggleik, og det er bra. Du vil ikkje sjå meg i ein båt framover utan redningsvest, seier ho.

Svein Tore Kilen Tveit (14) frå Høydalsmo er også godt fornøgd med kurset.

– Eg lærer mest om kart. Eg har visst heile tida at det er viktig å ha på vest, så det har eg nesten alltid hatt. Etter dette kurset blir det alltid, seier han.

Kjell Steinar Liane (36) frå Seljord synest kurset er triveleg og bra fagleg.

– Eg har lært mykje om kart, posisjonar og kursar. Og her blir det planta inn at tryggleiken er viktig, seier han.

Liane har køyrd båt ein del år, men vedkjenner at då har han vore dårleg til å bruke redningsvest.

– Ein treng jo ikkje turne i båten, men kan sitje roleg. Men skal ein stå og fiske i båt, er det viktig med vest, seier Liane.

Den store haldningskampanjen

I mange år har Reidar Skogheim (78) som privatperson arrangert båtførarkurs. Sjøfartsdirektoratet sjekkar eksamen og godkjenner båtførarbevis. Alle fem deltakarane på kurset i Seljord i starten av november klarte prøva.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt fire kurs i året i mange år rundt omkring, også for fangeleiren i Fyresdal, politiet og Statens naturoppsyn, seier Skogheim.

I tillegg hjelper han med å svare på spørsmål.

– Det har høvd lensmenn har ringt meg for å spørje om reglar, men det er greitt det og viser at dei sjekkar og tek det alvorleg.

Hindre ulykker

Heile kurset har søkjeljos på det å vere tryggare på vatnet og hindre ulykker.

– Rett og slett ein stor haldningskampanje. Ein kjem veldig langt med godt folkevett – det å oppføre seg ordentleg på vatnet, seier Skogheim.

Han har hatt opptil 70 år gamle personar på kurs.

– Dei kjem i hovudsak for å køyre tryggare på sjøen og oppleve meir på ein tryggare måte. Det er viktig å ha dei med på kurs, så forplantar læra seg gjerne ned til barn og barnebarn. Eg har hatt foreldre som deltakarar, og etterpå barna deira. Nå ventar eg berre på barnebarna, seier Skogheim med eit smil.

Båtførarkurset er på nesten 20 timar. Ved eksamen loggar ein seg inn i databasen til Sjøfartsdirektoratet, og har éin time til å svare på 50 spørsmål. Nokon feil kan ein ha.

Artikkelen held fram under annonsen.

På eksamen er det mellom anna praktiske spørsmål om tryggleik.

– Eitt døme er kva som skjer når karslege og fulle mannfolk utan redningsvest reiser seg opp i ein båt, seier Skogheim.

Skulle tru dei hadde lært

– Dei fleste som druknar er godt vaksne menn – skulle tru dei hadde lært, fortset han.

Skogheim har også vore i skuleklasser, i kapteinsuniform, og undervist om tryggleik, det å ha det moro på sjøen og at ein ikkje set seg i fare.

– Men eg kom ikkje med peikefinger, altså. Elevane sat musestille, det var veldig populært at eg kom der. Når det gjeld tryggleik og haldningsarbeid må ein starte medan barna er små, meiner Skogheim.

– Du, forresten, har du sjølv i alle år bruka redningsvest?

– Eg har ikkje alltid vore flink til å bruke vest, men siste 10–15 åra har eg alltid gjort det og slik blir det så klart framover også, svarar Skogheim.

Så legg han til at redningsutstyret i dag er veldig forandra, vesten tek ikkje plass og er ikkje ubehageleg å ha på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein vest er skilnad på liv og død, og ein veldig billig tryggleik, seier Skogheim.

– Kor lenge har du tenkt å fortsette med båtførarkurs?

– Å halde kurs er veldig moro, og ungdomen er så triveleg. Denne pensjonisthobbyen kjem eg til å halde på med lenge!