I anlegget til Sivert Graasvoll er det seks merdar. Storleiken på fisken avgjer kva merd dei skal vere i.
I anlegget til Sivert Graasvoll er det seks merdar. Storleiken på fisken avgjer kva merd dei skal vere i.

«Plutseleg kan det kome ein stim – det er det som gjer det spennande å vere fiskar»

I 33 år har Sivert Graasvoll (70) i Rauland fanga småfisk i teiner i Totak og mata dei opp i merdar. Slakting og røyking er utført i eige produksjonsrom. – Eit nybrotsarbeid, seier Sivert.

Det er midt på dagen onsdag etter pinseeftan. Sivert Graasvoll på Skålestrondi i Rauland har vore på Totak for å sjekke fangsten i årets fyrste teiner som han sette ut fem dagar før. I fire av dei i alt 20 teinene han har i vatnet var det ikkje mange fiskane.

– Det har vore dårleg så langt i dag, seier Sivert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det kjem sjansar seinare på dagen og framover, teinene skal ligge i vatnet om lag éin månad.

 Nå er det tid for ein matbit og kaffi før neste runde på vatnet. Pålegget som ligg på bordet er røykt røye.

– Ein må halde seg med godt pålegg. Det blir å ete fisk nokså jamleg, særleg om vinteren når eg røyker fisk i produksjonsromet i kjellaren. Eg må prøvesmake kvar gong, seier Sivert.

Største fisken frå teinene blir sleppt i ein merd og dei mindre i ein annan.
Største fisken frå teinene blir sleppt i ein merd og dei mindre i ein annan.
Det minkar veldig på fisken Sivert har i fryseboksane i kjellaren, men nokon få hundre kilo er det då att.
Det minkar veldig på fisken Sivert har i fryseboksane i kjellaren, men nokon få hundre kilo er det då att.

For store fjøs

Det var eigentleg ikkje fiskebransjen som skulle bli eit yrke for Sivert. Me går ein god del år tilbake då planen hans var å bli bonde på eigen gard i Øyfjell.

– Eg stanga mot landbruksstyresmaktene, fekk ikkje bygge fjøsstorleiken eg ville. I 1970 ville eg bygge for 12 mjølkekyr. Både lokalt og på fylket sa dei det var alt for stort. Dei tok luven av meg.

Etter å ha budd på garden Vasslaus i Øyfjell i nokre år, gjekk turen tilbake til småbruket i Skålestrondi der Sivert budde fyrste åra av sitt liv.

– Når du er fødd og oppvokst ved Totak, lengtar du heim att.

På garden i Skålestrondi budde han, kona og dei tre sønene, og det blei drive med sau.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tenkte å bygge nytt fjøs til 100 vinterfôra sauer, men fekk beskjed av landbruksstyresmaktene om at det var for mykje. Sidan det blei så vanskeleg skrinla eg fjøset. Eg kjøpte gravemaskin for å ha på garden, fekk arbeid hos Vegvesenet og kom meg inn i maskinbransjen. Opp gjennom åra har eg hatt 20 000 timar fordelt på to beltegravarar som eg har køyrd ut, seier Sivert.

Vidare har han i over 30 år hatt vinterjobb som skogsarbeidar. Han har både hogge og køyrd tømmer, og hadde ei stund to hogstlag.

Laga 50 teiner

Etter motstanden Sivert møtte i planane om å satse i landbruket, byrja han å gruble over kva anna ein kunne finne på for å ha arbeid heime.

– Det var då eg hamna på fisk.

Norges vel hadde eit toårig forsøksprosjekt med å fange og fôre opp villrøye i Vinjevatn. Midt i perioden påverka ein person i prosjektet Sivert til å byrje med ein merd like ved der raulendingen budde. Då prosjektet til Norges vel blei avslutta året etterpå, kjøpte Sivert alt utstyret dei hadde. Relativt fort blei det å utvide frå éin til seks merdar. Sivert laga teinene sjølv, og kom opp i 50 slike. 

– Det var enormt mykje røye i Totak. Ein grunn til at eg starta var at eg ville utnytte ressursen. Eg dreiv prøvefiske i eitt år og eksperimenterte mykje. Eg lånte pengar for å leve.

Spytta ut maten

Kvar forsommar og like etter at Totak hadde blitt isfritt fanga han opptil 17 000 røyer i teiner. Men det var ei utfordring:

– Problemet når du fangar villfisk er å lære dei å ete. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Sivert byrja med hardfôr, fisken beit i maten og spytta han ut att. Om lag halvparten av all fisken i merden som ikkje ville ete blei plukka ut. For ikkje å hive dei, blei fisken gjeve bort til dyremat, eller Sivert mala fisken opp og brukte det til fôr oppblanda med fôrmjøl.

Ei tid blei det prøva med matbrett. Mykje mat løyste seg opp og tetta merdane om vinteren. Det førte til at fisken bruka opp surstoffet som var inne i merden, så døydde dei.

– Vinteren eg bruka matbrett gjekk det 3000 fisk. Det blei ei ny erfaring – det har vore nybrotsarbeid heile vegen.

Langt betre gjekk det då han laga til blautfôr som blei mata med hand.

Skikkeleg smell

Sommaren 1997 fekk Sivert ein skikkeleg smell – han såg ein del av fisken byrja å få kvite flekkar på skinnet. Det viste seg at det hadde kome sopp, med dødeleg utgang som resultat.

– Oktober det året eksploderte det i merden. Alle fiskane fekk sopp – det gjekk tre tonn røye på skogen … Det skjedde på to–tre veker, heilt grusomt forferdeleg.

Dei små røyene klarte seg relativt bra, men etter å ha fôra desse opp året etter, vandra dei også. 

– Fisk i heile Totak dauda, år etter år, og soppen tok også aure. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvar kom soppen frå?

Det er eit godt spørsmål. Min teori er at det har blitt planta med settefisk, men eg kan dessverre ikkje bevise det.

Soppen gjorde at produksjonen til Sivert gjekk ned frå fem tonn i året til berre 100 kilo.

– Eg mista all produksjonen min i 10–15 år på ei tid eg henta halve inntekta mi der. Det var knalltøft.

Fem tonn

– Sidan eg av natur er veldig stridig, gav eg meg ikkje, fortset Sivert. 

Då soppeproblemet byrja å heie litt over, supplerte Sivert merdane med klekt Totak-aure.

– Rogna frå auren er tatt frå Totak, så fisken er jo stadeigen. Hadde eg ikkje tatt inn rognefisk-aure, hadde eg måtta lagt ned fordi eg kunne ikkje fått nok røye. Det er betre nå, det ser ut som at røya kjem tilbake. 

Det tek tre år frå fisken er fanga i teiner til han har storleik på ein halv til éin kilo og er klar for å bli slakta. Sivert slakta den fyrste fisken frå merdanlegget i 1987. Han har konsesjon til å slakte fem tonn stadeigen fisk kvart år. Nå er produksjonen på to–tre tonn i året, ei blanding av røye og aure. I løpet av livssyklusen er det berre 1–2 prosent av fisken i merdane som daudar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvart år har Sivert seks veker med slakting. Mykje av fisken blir selt frå huset Sivert bur i, og han køyrer ut varer til større kundar som hotell. Ved tre ulike høve har Kongen ete fisk frå Sivert, tilbakemeldinga raulendingen har fått er at det smaka heilt … konge.

Årets beste salstid for Sivert er før jol.

– Då er det stor pågang – det kan vere vanskeleg å produsere nok for den tida.

Viktig med reinhald

I produksjonsromet er det frysarar med både rund og røykt fisk. Vidare har han ein god del røye fanga i garn, fisk det går 6­–7 stykk på kiloen. 

– Mange vil ha den – super grillmat.

Sivert driv ikkje med marknadsføring – det går mykje på jungeltelegrafen og faste kundar. 

Reinhald er svært viktig i verksemda til Sivert. Det fyrste som skjer om våren er full vask av merdane, noko som blir gjort tre gonger i året på grunn av groing. Når fisken er slakteklar, ventar litt av eit arbeid:

– Det går med veldig mange timar til å vaske fisken. Det er den jobben som er minst spennande, men heilt avgjerande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir brukt totalt 30 timar med arbeid på prosessen frå fisk er slakta til han er ferdig røykt i omnen der ein kan ha 40 kilo om gongen. Etterpå er det ein stor jobb å reingjere omnen, etter fyrst å tatt på seg fullt verneutstyr.

Ein tredel av årsproduksjonen går til røyking.

– Eg held ein knapp på røykt røye, seier Sivert om matfavoritten.

Lokkemiddel

Me gjer oss klare til å ut på Totak for å sjekke fleire teiner. Sivert har ein stø og god arbeidsbåt i ein 16 fot Askeladd, som har ein 50 hestar Yamaha. 

Han fortel at når røya er på vandring i stimar kjem ho i teinene. 

– Det kan vere mykje fisk, og så er han raskt borte att. Plutseleg kan det kome ein stim, det er det som gjer det spennande å vere fiskar.

– Når isen er gått og vatnet er kaldt både vår og seinhaustes, får du røye fordi då går ho på botnen, held Sivert fram.

Erfaringa hans er at det gjev best fiske å legge teinene på om lag 20 meters djup. Der Sivert ikkje eig sjølv, får han løyve av andre grunneigarar til å fiske.

– Når eg smørjer dei med litt fisk tilbake, går det bra, smiler Sivert, ikkje heilt truverdig på at han er nøydd til å gje bort råvare for å få fiske …

Sivert har med seg ny agn i båten. Lokkemiddelet for å få fisken inn i teina kan vere fiskeost, biprodukt frå gardsysteri, men han brukar mest rogn han har tatt vare på. Den blir putta i pose og hengt i teina.

– Det er utruleg at røya og auren et eigne egg, seier fiskaren.

– Eg steiker meg ei panne med rogn når eg slaktar. Snadder! Og rogn er fint som lokkemat når eg fiskar på isen, fortset han.

Bobler

Me har kome fram til den fyrste teina som skal opp denne ettermiddagen. Sivert byrjar å dra opp tauet og teina, forsiktig. For det lærte han tidleg, bruk god tid og stoppe av og til med å dra, elles kan fisken daude. 

– Eg ser ikkje luftbobler, då ser det ikkje lovande ut, seier Sivert midtvegs i dra-prosessen. 

Til fleire luftbobler, til meir fisk er det i teina.

– Oi, der er det bobler, men det er ikkje mange. Eg tippar fem fiskar.

Fangsten blei nesten det dobbelte viste det seg. Inn med ny åte, og så er det å finne tilbake til same plassen å legge teina. Før Sivert drog ho opp, merka han seg plassar i terrenget innved land. Slik finn han på hugsen fram til rett stad for teina.

Nokon av fiskane er små, veldig små.

– Brukar du all fisken, sjølv kor liten han er?

– Ja, alle får sjansen. Det er vekstpotensial i røya berre ho får mat, og det får ho av meg. Det ser ut som fisken trivst når dei byrjar å ete i merden.

Mink og skarv

Neste teine ser ut frå boblene å ha om lag like mange fisk, eller få, som nok er rette uttrykket denne dagen.

– På det meste har eg hatt over 300 fisk i ei teine, då kan det ta halvtimen å dra ho opp.

12 nye fisk er tømt over i ein dunk med vatn i, og me styrer mot teine nummer tre i strålande solskin, varmt vêr og blikkstille Totak. 

– Det er klart det er viktig å utnytte naturens ressursar, seier Sivert.

I fjor tok han opp 1500 villfisk frå Totak.

– Eg håpar på 2000 i år, må vere optimist. Eg tek gjerne 3000 også … Førebels i år er det langt unna fornøgdgrensa, men det er ein fin dag. Ein må nyte kvar dag framover, det er nå me lever.

For ein del år sidan var storleiken på røya i teinene 30–35 gram i snitt. Seinare åra har det kome meir varierte storleikar, og ein del av fisken kan vere på rundt 200 gram. Totalt på dei fire teinene me sjekka var det 48 fisk, som Sivert styrer mot merdanlegget med. Der ventar det tre år med gratis fôr for dei …

– Det burde ha vore 30 fiskar i snitt i kvar teine, seier Sivert, i det han tømer fangsten i merdane.

Han er ikkje aleine om å ta seg av fisken i merdane. 

– Det høver eg får besøk av mink, han kan bite stykke av fisken og kan øydelegge mykje på kort tid. Også skarven kan øydelegge.

Livsstil og bonden

Skal ein telje opp arbeidstimane Sivert har hatt i 50 år på ulike oppgåver, er det snakk om minst 3000 timar i året.

– Eg har synda mykje – har også jobba på heilagdagar …

Årleg brukar han mellom 1000 og 1500 timar på fiskeverksemda. 

– Det er eit veldig variert arbeid. Fiskeverksemda er ein livsstil, og ein er veldig bonden – eg må fôre kvar dag. Det er som å vere gardbrukar. Dette er tilleggspensjonen min. 

– Når skal du gje deg med fiskeverksemda?

70-åringen brukar ikkje lang tid på å svare:

– Det er viktig å halde seg i form. Så lenge skuta kan gå, får eg halde på.