I Fyresdal kommunestyre gjekk Nils Kristian Moe (Ap) for det motsette av det han var med og tilrådde i hovudutvalet. Der varsla han at det kunne kome endringsframlegg  i saka om felles Nav-kontor, og det gjorde det.
I Fyresdal kommunestyre gjekk Nils Kristian Moe (Ap) for det motsette av det han var med og tilrådde i hovudutvalet. Der varsla han at det kunne kome endringsframlegg i saka om felles Nav-kontor, og det gjorde det.

Planlagt kuvending i Nav-saka

Ap-representantane i hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg i Fyresdal gjekk inn for at kommunen skulle bli med på felles Nav-kontor i Vest-Telemark. Få dagar seinare var dei imot. Kva skjedde eigentleg?

Nils Kristian Moe (Ap) er leiar i hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg (OKO) i Fyresdal. 3. mai røysta han, dei to andre Ap-representantane i utvalet og Sp for tilrådinga frå rådmannen om at kommunen blir med på felles Nav-kontor i regionen lokalisert til Dalen. 

Fem dagar seinare, i kommunestyret, tala Moe varmt imot tilrådinga frå eige utval og rådmannen. Då kom han med kommentar til noko som stod i saksutgreiinga: «Betre tenester for brukarane i regionen, fleire i arbeid og færre på stønad er noko av målet med å samle Nav.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Må seie stopp

– For min del må eg innrømme at eg ikkje har heilt trua på det. Eg har ikkje trua på at det blir betre på desse områda ved å ta Nav vekk frå brukarane ved å bygge ned i Fyresdal. Det blir sagt at det skal vere avdeling her og ha oppsøkjande verksemd – eg er redd det ikkje blir slik. Eg tenker at nå må me seie stopp. Me kjem ikkje til å ha att noko som helst i Fyresdal om me skal samle alt som finst, sa kommunestyrerepresentanten.

På vegne av Ap kom han med endringsforslag om at Fyresdal ikkje ynskjer å vere med på etablering av felles Nav-kontor i Vest-Telemark.

– For oss er nærleiken til brukarane viktigare enn sentralisering og robuste einingar, avslutta Moe.

Gruppemøte

Det som kan sjå ut som ei heftig kuvending i saka, forklarar Moe slik i ettertid til VTB:

– I OKO var me tydelege på at me ikkje var fornøgd med tilrådinga frå rådmannen, og signaliserte at det kunne kome endringsforslag i kommunestyret. Det har ikkje skjedd noko dramatisk etter møtet i OKO, men vedtaket me gjorde i kommunestyret er dramatisk i forhold til dei andre kommunane i Vest-Telemark, seier Moe.

Han fortel at OKO hadde møte på føremiddagen, og om kvelden var det gruppemøte i Ap om Nav-saka.

– Då var me i Ap veldig einige med ein gong at nå var det på tide å sette ned foten. Me meiner Nav-kontoret bør vere i Fyresdal, seier Moe.