Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord.
Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord.

Nedgang i elevtalet over heile regionen

Det er nedgang i søkjartala ved dei vidaregåande skuletilboda i Vest-Telemark.

Seksjonsleiar for pedagogisk drift hos Telemark fylkeskommune, Ben Ståle Leirvåg, opplyser til VTB at søkjartala syner ein nedgang til dei ulike linetilboda ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen og i Seljord frå hausten av. 

Totalt har Telemark fylkeskommune tilbod om elevplassar til 348 personar ved dei to avdelingane – men dei har berre motteke søknad om skuleplass frå hausten 2018 frå 234 personar. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei klasse forsvinn

Som VTB meldte tidlegare blir det ikkje starta VG1, eller fyrsteklasse for restaurant og matfag, i Seljord frå hausten av sidan det berre var tre søkjarar til lina, men elevane på VG2 kokk og servitør har sju søkjarar og vil gå som planlagt. 

19 elevar har søkt VG1 mediar og kommunikasjon og 9 elevar har søkt lina for VG2.

18 elevar har søkt påbygg til generell studiekompetanse ved den vidaregåande skulen i Seljord. 

Kvitsund gymnas
Kvitsund gymnas

Færre på Dalen også

Det er 15 elevar som har søkt plass på VG1 elektrofag på Dalen, 10 elevar til VG2 elenergi, i begge desse klassene er det 15 elevplassar totalt. 

Det er også full klasse om alle dei 15 søkjarane startar på VG1 helse og oppvekstfag til hausten. 11 søkjarar har søkt andreåret ved helsearbeidarfag og 11 har søkt barne- og ungdomsarbeidarfag. 

23 elevar har søkt plass ved VG1 studiespesialiserande, 14 søkjarar er registrert på VG2 realfag, 4 søkjarar på VG3 realfag. 15 elevar søkjer VG2 språk, samfunnsfag og økonomi og 11 søkjarar er registrert til den same lina for VG3.

På lina for teknikk og industriell produksjon er det 17 søkjarar, 10 elevar har søkt VG2 arbeidsmaskiner, 6 har søkt køyretøy og 5 søkjarar er registrert på industriteknologi. 

Kanskje styrke matlina

Då fylkestinget i Telemark kom saman i starten av mai handsama dei disponering av årsoppgjeret, og Senterpartiet kom med eit benkforslag om å setje av ein million kroner til utviklingsarbeid for å sikre berekraftig skuletilbod ved den vidaregåande skulen i Seljord. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesopplæringssjef i Telemark, Helge Kristian Galdal, seier til VTB at han ikkje har fått arbeidd så mykje med korleis ein skal byggje opp dette prosjektet. 

– Det kom som eit benkforslag, så det er enno litt for tidleg å sei noko om korleis ein skal disponere midlane, seier Galdal.

Han er ikkje framand for at delar av summen kan bli bruka til å sjå etter tiltak for å auke interessa for restaurant- og matfaglina ved den vidaregåande skulen i Seljord, men meiner at rekrutteringa og søkjartal generelt er det aller viktigaste å prioritere. 

– Me må sjå på rekruttering til skulen, det er alt for få som søkjer seg dit. Om me kunne fått til noko spennande hadde det vore bra. Og me må gjerne bruke litt av pengane til å sjå konkret på restaurant- og matfaglina, seier Galdal. 

 

Færre søknadar til Kvitsund 

Rektor ved Kvitsund gymnas i Kviteseid, Magnus Kvalbein, seier at ein ser ein markant nedgang i talet på søkjarar til skulen frå førre skuleår til i år. 

– Me har lagt om teljemetoden vår litt, men ende opp med 80 ganske samanliknbare søkjarar totalt per 1. mars, mot normalt om lag 130 til VG1, seier han. 

Kvalbein fortel at av årets VG1-søkjarar er 32 frå Telemark, 20 av desse att kjem frå Vest-Telemark og 11 er frå Kvitseid kommune. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nedgangen er ganske jamt fordelt i kategoriane heile landet, Telemark og Vest-Telemark. Men det er ganske små tal i utgangspunktet, så det er heilt naturleg med en del variasjon frå år til år med tanke på fordelinga av søkjarar frå ulike regionar, seier rektoren.

Normale tal

Til VG2 har Kvitsund motteke 16 nye søkjarar, og 4 til VG3. 

– Det er temmeleg normale tal for desse to årstrinna, seier Kvalbein.

Rektoren meiner det er vanskeleg å forklare konkret kva nedgangen på VG1 kjem av. 

– Det er det minste ungdomskullet på lenge, både når ein ser på heile landet og Telemark, som nå søkjer seg inn til VG1. I tillegg har eg inntrykk av at yrkesfaga har ein oppsving både i status og søkjartal. Til slutt kan ein nemne at talet på friskuleplassar aukar raskare enn talet på elevar i friskulane – det vil seie at det blir hardare konkurranse også i den delen av marknaden. I tillegg vil det vere ein del naturleg variasjon, også i totaltalet på søkjarar, då dette er ein nokså liten populasjon for vår del, sjølv om det me ser nå heilt klart er ein signifikant nedgang, forklarer Kvalbein.

Han legg til at dei ser er at det er høg gjennomføringsdel, god trivsel og mykje læring på Kvitsund gymnas. 

– Når ein elev fyrst byrjar her, er det stor sjanse for at han eller ho har det bra og har godt læringsutbyte. I tillegg har me kjempefordelen med internat, som gjer at ein slepp mykje dagleg reisetid, eller å bu på hybel for å gå på vidaregåande skule. Men me har ikkje klart å nå ut til tilstrekkeleg mange nok potensielle søkjare med den historia i år, avsluttar rektoren.