Unge 4H-arar frå Telemark og leiarar for kurset var sundag på Nordbø gard i Nissedal. Trenissen-leiar Helene Dahle (16, t.v.) var blant dei som hjelpte til gjennom helga.
Unge 4H-arar frå Telemark og leiarar for kurset var sundag på Nordbø gard i Nissedal. Trenissen-leiar Helene Dahle (16, t.v.) var blant dei som hjelpte til gjennom helga.

Moro på dyrestellkurs for unge i 4H

Sist helg var unge 4H-arar frå Telemark på dyrestellkurs som klubben Trenissen inviterte til i Nissedal. 27 unge sette pris på overnattingane, alle leikane og å møte og høyre om ulike dyreslag.

– Me føler 4H har blitt litt sett til sides, men me som er medlemer i Trenissen 4H storkosar oss på leir og kurs over heile Noreg. Det er noko me vil at fleire bør vere med på, og nå blei det endeleg Nissedal sin tur til å arrangere kurs, seier klubbleiar Helene Dahle (16), ein av totalt 17 Trenissen-medlemer i kommunen. Dei kjem frå anten Haugsjåsund, Fjone eller Nissedal.

Det møtte 27 unge frå 9–12 år på dyrestellkurset som starta fredag kveld på Kyrkjebygda oppvekstsenter der overnattingane var. Laurdag var det mellom anna tur til Nylende gard ikkje langt unna. Der viste bonde Arnt Erik Evja fram fjøset og informerte om storfe, sau og mink, og kvifor dei er så viktige.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var også éin time med matlaging på bål, nokon leika og det var natursti rundt løa på Nylende. Dagen gjekk strålande, seier Dahle, ein av dei lokale leiarane som stilte for å hjelpe med arrangementet.

Trivst i 4H

Sundag gjekk turen nokre kilometer nordover for å vitje garden til Kari-Anne og Tor Jakob Nordbø der det er storfe, sau og hestar. Dei tre gutane som var med på kurset reiste heim dagen før. Tre av dei 24 jentene er Meerle Kruif (9) frå Roan 4H i Fyresdal, Ingebjørg Moen Lognvik (10) frå Ørn 4H i Seljord og Anne Solveig Nordbø (9) frå Trenissen 4H.

– Det er gøy å vere her, og eg lærer litt om dyr. Eg trivst i 4H, seier Kruif.

Lognvik blei med på kurset for å ha det moro og lære om dyr.

– Og det er litt artig med overnattingane. Det som har vore mest moro er å sjå på dyra, seier ho.

Nordbø bur på det som er besøksgarden denne dagen, men overnatte, det skulle ho gjere saman med alle dei andre i oppvekstsenteret.

– Eg ville bli med på kurset fordi det høyrdest moro ut, og det har det vore. Overnattinga har gått bra. Eg har sove litt, men det blir meir soving natt til måndag, seier ungjenta.

Arrangør igjen

4H-leiar Dahle har fått mange tilbakemeldingar om at dei unge har hatt det kjempemoro gjennom helga, og også leiarane var stornøgde.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Deltakarane har leika heile tida. Det har gått overraskande bra om nettene, men dei har ikkje vore heilt nøgde med leggetida, seier ho rundt det å ha ro klokka 23.00.

Måltida var på oppvekstsenteret, og nattevakta baka rundstykke som stod klare om morgonane.

– Dette kurset har vore ein fin moglegheit til å promotere 4H sitt sosiale liv, seier Dahle.

Neste sommar er Trenissen 4H klar med eit nytt og langt større arrangement. Mellomstore 4H-arar frå Telemark og Vestfold får høve til å vere samla ein stad i Nissedal kommune i fem dagar, og overnatte til dømes i telt og lavvo.

– Deltakarane skal få vere med på ulike aktivitetar i kommunen – her er det ikkje mangel på slikt. Dette blir moro, seier 4H-engasjerte Dahle.