Morgedøl til verdscupopninga
Kristian Lauvik Gjelstad frå Morgedal IL er ein av ti norske utøvarar som er tekne ut til verdscupopninga i austerrikske Hintertux denne helga, melder Noregs skiforbund Telemark
Det er sprintrenn fredag og laurdag, medan den fyrste verdscuphelga blir avslutta med parallellsprint sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me sender ei god blanding av både pallkandidatar og unge lovande løparar, som blir med for å få erfaring. Gjelstad blei juniorverdsmeister i sprint i fjor, han har køyrd stabilt og hatt jamn og god utvikling gjennom sommaren og hausten, seier sportssjef Martin Gjøra.