Nyleg hadde Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (t.v.), Håkon Holtskog, dagleg leiar i omstillingsprosjektet, Lars Bildsten, hovudaksjonær i Aktiv Lek, Knut Lofthus, dagleg leiar i Moland Mekaniske AS og produksjonsleiar Lars Inge Lauvrak stiftingsmøte for den mekaniske verksemda som snart startar produksjonen.
Nyleg hadde Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (t.v.), Håkon Holtskog, dagleg leiar i omstillingsprosjektet, Lars Bildsten, hovudaksjonær i Aktiv Lek, Knut Lofthus, dagleg leiar i Moland Mekaniske AS og produksjonsleiar Lars Inge Lauvrak stiftingsmøte for den mekaniske verksemda som snart startar produksjonen.

Mekanisk produksjon frå mai

Nyleg var det stiftingsmøte for Moland Mekaniske AS i Fyresdal. I løpet av året kan det vere opptil seks tilsette i verksemda, som mellom anna er eigd av to tilsette.

VTB fekk ein prat med aksjeeigarane i det stiftingsmøtet og generalforsamlinga for Moland Mekaniske AS var ferdig. Knut Lofthus frå Skien har vore dagleg leiar i ei bedrift i heimbyen, men skal nå ha ei slik oppgåve i eit bygg på industriområdet på Molandsmoen i Fyresdal.

– Nå blir det berre Fyresdal og litt til, seier vekependlar Lofthus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han håpar ein kan byrje med produksjonen ved Moland Mekaniske fyrste halvdel av mai, då med to tilsette i starten.

– Blir det fire til seks tilsette i løpet av året er me fornøgde, seier dagleg leiar.

Han reknar med ei gradvis opptrapping av talet på tilsette etter som ein får tak i ordrar.

Gode ord på seg

I ein del år hadde IKM på Sørvestlandet ei avdeling i bygget i Fyresdal der det nå blir aktivitet att. Moland Mekaniske har ei intensjonsavtale med IKM, men den seier ikkje at ein i Fyresdal skal få arbeidsoppgåver frå det store firmaet frå dag éin.

– Me driv aktiv marknadsføring mot potensielle kundar, seier Lofthus.

– Eg har veldig stor tru på Moland Mekaniske, fortset han som har vore i ein slik bransje i 30 år. Lofthus konstaterer at fleire konkurranseverksemder frå Sørlandet og til Austlandet nå er borte, noko som er ein klar fordel for Fyresdal-verksemda. Dessutan veit han at utføringa av det mekaniske arbeidet som er gjort i bygda har gode ord på seg, noko som gjer det lettare å få kundar.

Ein som kan bli kunde hos den nye verksemda, er Aktiv Lek AS i Skreosen, ein av dei fem største leverandørane av leikeapparat i Noreg. Verksemda får hjelp frå Spania og Polen i produksjonen av metalldelar, ein verdi til 3–5 millionar kroner i året. Snart kan denne produksjonen bli utført av Moland Mekaniske.

– Det er veldig interessant om me kan få til samarbeid med ei lokal mekanisk bedrift, seier Lars Bildsten, hovudaksjonær i Aktiv Lek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nøgd ordførar

Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) er klar på at ein er heilt avhengig av å skape nye arbeidsplassar i kommunen.

– Det var derfor kommunen kjøpte bygg og utstyr der Moland Mekaniske skal halde til, og kjøpet viser seg å vere rett. I næringslivet må ein ta risiko. Næringshagen er eit døme på det, og der går det så det susar, seier ordføraren.

Aksjonærane

Selskapet Moland Mekaniske blei skipa etter at det blei klart at ynskeleg aksjekapital på éin million kroner var i hamn.

Styret for omstillingsprogrammet i Fyresdal har til disposisjon ein del pengar som har kome frå kommunen og staten. 250 000 kroner er bruka på aksjar i Moland Mekaniske, pengar kommunen tidlegare gav omstillingsprosjektet som sin nødvendige del av finansieringa.

Vidare er Lars Bildsten AS inne med 150 000 kroner i aksjar. Tidlegare eigar av bygget før kommunen kjøpte det, Lars Inge Lauvdal, har aksjar for 200 000 og skal elles vere produksjonsleiar i den nye verksemda.

Nokså nyleg vedtok Fyresdal kommunestyre å bruke 300 000 kommunale kroner på aksjekjøp i Moland Mekaniske. Ein tredel av denne aksjesummen går til dagleg leiar Knut Lofthus. Han får då ei bindingstid på tre år i verksemda. Opphøyrer arbeidsforholdet før den tid, må han tilbakeføre aksjane til kommunen for same pris. Lofthus sjølv går inn med 100 000 eigne aksjekroner i verksemda han skal leie.

Elles er verksemda i full gang med å prøve å få eit lån på to millionar kroner.