Det har blitt 25 færre innbyggjarar i Kviteseid på eitt år, men sidan nyttår har trenden snudd.
Det har blitt 25 færre innbyggjarar i Kviteseid på eitt år, men sidan nyttår har trenden snudd.

Me blir stadig færre, men i Vinje er trenden positiv

Det har blitt 39 fleire vinbyggjar i løpet av det siste åra, men for dei fem andre kommunane er det minus samanlikna med same tid i fjor.

Ved utgangen av september var me 14 077 vesttelar. Det er elleve færre enn førre gong Statistisk sentralbyrå presenterte folketala (ved utgangen av mai) og 58 færre enn det var ved utgangen av september 2017.

Vinje kan gle seg mest over utviklinga. Folketalet er no 3737, det er 39 fleire enn for eitt år sidan. Ein må tilbake til 2005 for å finne eit høgare innbyggjartal i kommunen (3758).

Artikkelen held fram under annonsen.

Og neste år kan det plussen bli endå større

I Kviteseid kommune har folketalsutviklinga vore negativ over tid. I løpet av dei siste ti åra har det blitt 166 færre innbyggjarar i kommunen. Også trenden for det siste året er negativ (minus 25), men om ein ser bak tala kan det tyde på at ting er i ferd med å snu. Det er til dømes fleire innbyggjarar enn det var registrert ved årsskiftet.

I prosent er nedgangen størst i Fyresdal siste året, 26 færre innbyggjarar er ein nedgang på 2 prosent.

Også i Telemark fylke er folketalsutviklinga negativ. Me har blitt 61 færre innbyggjarar i løpet av det siste året. Det er berre Telemark, Sogn og Fjordane og Finnmark som har nedgang i folketalet i Noreg.

                        30.9 2017        30.9 2018       Endring

Seljord            2954                2922               -32

Kviteseid        2433                2408               -25

Nissedal         1485                1478                -7

Fyresdal         1330                1304               -26

Tokke              2235                2228                -7

Vinje                3698               3737                39

Totalt              14135              14077             -58