Tarjei Hyttedalen Kåsene skåra to mål i 6-1-sigeren mot Sannidal.
Tarjei Hyttedalen Kåsene skåra to mål i 6-1-sigeren mot Sannidal.

Målfest på heimebane

Solid lagspel var nykelen då Vinje slo Sannidal i måndagens 5. divisjonsoppgjer i Åmot.

Målsvoltne gjester skåra kampens fyrste mål bare fire minutt etter at dommar Geir Tollefsen bles i fløyta på kunstgraset i Åmot måndag kveld – men då syntest Vinje det var nok.

Målrikt

Med «Snømannen» som konkurrent på kinolerretet på Vinjehuset, og eit heller surt og regntungt haustvêr gjorde sitt til at ikkje mange publikumarar hadde funne vegen, men nok til at det blei jubel då Tarjei Hyttedalen Kåsene sette ballen sikkert i nettet åtte minutt ut i fyrsteomgang. Heimelaget vakna verkeleg til liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter eit godt hjørnespark og hardt press med god innsats av heimelaget blei det andre målet til Vinje rekna som sjølvmål. Og målfesten heldt fram i fyrste omgang. Tarjei Hyttedalen Kåsene nikka inn kveldens tredje mål bak Sannidal-målvakta etter eit flott hjørnespark frå Øystein Eriksen. Minuttet etter var kaptein Lars Kili på pletten og sikra 4-1.

Før laga gjekk til ei kort og kjøleg pause var Tommy Andersen på rett stad og sytte for det femte målet bak gjestenes målvakt.

Litt for ivrige

Vinjes målvakt heldt buret reint i andre omgang, og Håkon Hagen Ringhus sytte for litt ekstra pynt på sluttresultatet då han skåra nok eit mål for heimelaget eit kvarter ut i andre omgang.

Adis Smajic og dei andre spelarane på Vinje var best gjennom heile kampen.
Adis Smajic og dei andre spelarane på Vinje var best gjennom heile kampen.

Men då var det stopp på skåringslista. Trenar Øyvind Kili var strålande nøgd med laginnsatsen til Vinje, og synest det er moro at fem av nettkjenningane kom frå dei yngste spelarane.  

– Dette var ein lagseier der alle sprang alt dei orka, slik det har vore på alle kampane i haust. Vinje prøvar på mykje bra, dei har stor fart og spelar god fotball. Dei viser at dei er det beste laget i Vest-Telemark nå, seier Kili.

Han forklarar vidare at dei har jobba mykje med å halde ballen på bakken og at spelarane skal fungere godt saman som eit lag.

– Det ser me resultat av nå, men iveren etter å skåre blei litt for stor i andre omgang – resultatet kunne blitt det doble – men me såg meir presise avslutningar i fyrste omgang, seier Kili.

Trur på laget

Både Vinje og Sannidal ligg midt på 5. divisjonstabellen. Det står att to kampar for Vinje, og laurdag er sesongens siste heimekamp på Åmot stadion. Då møter laget Kjapp, som ligg på 3. plass på tabellen. 26. oktober går siste kamp mot Eidanger på bortebane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Legg me innsatsen der han er no, trur eg me tar seks poeng til. Eg har trua, seier Kili.