Vegard Seltveit Skolås gjekk heilt til topps i EM i kettlebell i helga.
Vegard Seltveit Skolås gjekk heilt til topps i EM i kettlebell i helga.

Løfta seg til EM-gull

Vegard Seltveit Skolås (19) frå Øyfjell stakk av med den gjevaste medaljen då det var EM i kettlebell i Ungarn i helga.

– Det kjennes bra, men eg vart overraska. Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinne. Målet mitt var å klare 60 repetisjonar, men tenkte at alt over 55 er bra, seier Skolås til VTB. 

Nittenåringen overraska seg sjølv og på ti minutt klarte han heile 62 repetisjonar med dei to kulene som veg 32 kilo kvar. For å få ein repetisjon godkjent må dei løftast over hovudet med strake hender og kulene kan ikkje vere i bakken før dei skal opp att. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fyrste gong eg stiller i proffklassa i eit internasjonalt meisterskap. Me var ein liten gjeng frå Noreg med om lag ti deltakarar, tre gutar og resten var jenter. I Noreg er denne sporten meir populær hos jenter enn gutar, fortel EM-vinnaren. 

Til VM

Skolås byrja å trene kettlebell i 2012, og deltok i ein liten konkurranse året etter. Seinare har det balla på seg. Han trenar framleis med Øyfjell trenings- og kettleklubb og klubben er stolt av prestasjonen. På facebook skriv dei: 

– Dette er klubbens første seier i proffklassa i eit internasjonalt mesterskap –  rett og slett heilt vanvittig rått!

Gullvinnaren bur framleis i Øyfjell, men jobbar i Oslo i vekene. Heldigvis har jobben eige treningsrom så han får trena mykje der. 

– Det er VM i Latvia i oktober, og målet der er å ta ny pers. Det blir kanskje nokre mindre konkurransar før den tid også, men ikkje noko stort, avsluttar Skolås som hadde ei roleg feiring av EM-bragden.