Eigaren av denne hytta på 17 kvadratmeter på Kyrkjebygdheia kan med dagens reglar få rekning på opptil 150 000 kroner for kommunalt vatn inntil tomtegrensa. Det syntest Ian Parry-Jones (Sp) var veldig urimeleg, og tok saka opp med ordføraren i sist kommunestyremøte.
Eigaren av denne hytta på 17 kvadratmeter på Kyrkjebygdheia kan med dagens reglar få rekning på opptil 150 000 kroner for kommunalt vatn inntil tomtegrensa. Det syntest Ian Parry-Jones (Sp) var veldig urimeleg, og tok saka opp med ordføraren i sist kommunestyremøte.

Lita hytte slepp truleg kjempeutgift

Eigaren av ei hytte på 17 kvadratmeter på Kyrkjebygdheia kan med dagens reglar få ei rekning på opptil 150 000 kroner for kommunalt vatn, sjølv om det ikkje er planar om å leggje inn vatn. Ordføraren er einig i at det vil vera urimeleg.

Til sist kommunestyremøte i Nissedal stilte Ian Parry-Jones (Sp) ordførar Halvor Homme (Ap) eit grunngjeve spørsmål om tilkoplingsplikt til offentleg vass- og avløpsavgift for ei lita hytte på Kyrkjebygdheia. Bygget det er snakk om er ei tidlegare arbeidsbrakke frå 1960-talet, og er på 17 kvadratmeter inkludert vedskjul. Eigaren har blitt varsla at han må betale for kommunalt vatn til tomtegrensa, sjølv om han ikkje har tenkt å leggje inn vatn i hytta.

Parry-Jones viste til at eigaren av hytta kan bli påført kostnader på inntil 150 000 kroner (som sannsynlegvis er meir enn verdien av sjølve bygningsmassen) som fylgje av kommunestyrevedtak om tilkoplingsplikt i hytteområdet. Han undra på om ordføraren er einig i at konsekvensen for den vesle hytta er noko kommunestyret burde tatt stilling til då det blei fatta vedtak, og om ordføraren vil ta det politiske vedtaket opp til ny behandling.

Artikkelen held fram under annonsen.

I svaret viste ordføraren til at vedtak om tilkopling vil vere høve til å klage på. Kommunestyret har tidlegare vedtatt prinsipp for gjennomføring av obligatorisk tilkopling, mellom anna fritak ved kostnad til privat stikkleidning over 100 000 kroner utan moms. 

– Ordføraren er innstilt på at dette vedtaket kan supplerast med andre fritaksgrunnar, til dømes storleiksgrense for kva som kan reknast som fritidsbustad, eventuelt at det kan leggast føringar for behandlinga av klager på vedtak om tilkopling for slike bygg, svara ordføraren.

Frå talarstolen la ordføraren til at han er interessert i å vurdere vedtaket som er gjort tidlegare, og har derfor bestilt ei revidering til kommunestyret. Der kan saka ende med at ein set ei grense på at til dømes hytte opp til 25 kvadratmeter ikkje skal få tilkoplingsplikt.

Om den nemnte hytta på 17 kvadratmeter på Kyrkjebygdheia seier ordføraren dette til VTB:

– Eg kjem ikkje til å vere med og krevje tilkoplingsavgift på den hytta, det får vere grenser.