Barna frå Tyttebær fekk kome på gardsbesøk til Bjaaland i Morgedal. Mari Groven Opsund fekk halde eitt av lamma.
Barna frå Tyttebær fekk kome på gardsbesøk til Bjaaland i Morgedal. Mari Groven Opsund fekk halde eitt av lamma.

«Lamma var kvite, med unntak av dei svarte»

Gardsbesøket til Bjaaland i Morgedal gav mange inntrykk for barnehagebarna som var på besøk.

Ingen barnehagedagar er like, og i alle fall var det ikkje ein heilt vanleg dag for barna på avdeling Tyttebær ved Brunkeberg oppvekstsenter ein varm måndag tidleg i mai.

I år gjekk den årvisse vårturen på ny til Morgedal, og alle barna vart levert heime hos assisterande einingsleiar Anne Helen Berge.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Anne Helen hadde tre eller kanskje det var fem hundar. Elghund, blir det presisert – og i fylgje ei av jentene var ein av hundane ein type bjeffehund …

Barna fortel at dei fekk pølse med lompe til mat av Ann Helen etter at dei hadde leika ute og skulle på gardsbesøk til Bjaaland.

Opplevingane var mange, og på veg over jordet opp til Bjaaland vart det plukka både hestehov og kvitveis før dei kom opp til garden der det var over 41 lam. Truleg over 200 kunne dei vaksne korrigere det til. Ein katt møtte barna også på, den var veldig fin men vart litt redd når alle skulle klappe han.

Nokre av lamma fekk mat frå tåteflaske.
Nokre av lamma fekk mat frå tåteflaske.
Alle barna frå avdeling Tyttebær ved Brunkeberg oppvekstsenter fekk is då dei besøkte dyra til Hege Bjaaland. Og isen smaka godt i den varme vårsola.
Alle barna frå avdeling Tyttebær ved Brunkeberg oppvekstsenter fekk is då dei besøkte dyra til Hege Bjaaland. Og isen smaka godt i den varme vårsola.
Hege Bjaaland og Annbjørg Bjaaland Barstad viste barnehagebarna rundt på garden.
Hege Bjaaland og Annbjørg Bjaaland Barstad viste barnehagebarna rundt på garden.
Det var koseleg å helse på fleire dyr på garden.
Det var koseleg å helse på fleire dyr på garden.
Det var litt skummelt, men mest morosamt å helse på alle dyra på Bjaaland.
Det var litt skummelt, men mest morosamt å helse på alle dyra på Bjaaland.

– Me fekk sjå lam og sauer både inne og ute, og fleire fekk halde lam og prøve å mate dei med mjølk i tåteflaske. Eit av lamma var så bitteliten og litt sjuk at det låg i ei balje inne på kontoret, fortel barna ivrige.

På Bjaaland hadde dei kvite sauer og lam, med unntak av dei som var litt svarte.

– Ein av mammasauene trampa hardt i golvet då me ville klappe lamma hennar, minnest ein av gutane før han fortel at alle fekk køyre buss tilbake til barnehagen etter besøket.

– Me køyrde med ein mann som hadde skjegg. Det var moro å køyre buss, seier ei av jentene.