annonse

Kva har du lært om beredskap, Erna?

█ Trass i den utrulege innsatsen til brannvesena i Lærdal og Flatanger, vil statsministeren framleis krympe beredskapen i distrikts-Noreg.

Då Erna Solberg vitja Lærdal etter den tragiske brannen, gav ho brannvesenet i Lærdal uhemma skryt for måten dei handterte ulukka. Ho peika vidare på kor viktig det er å lære av slike hendingar. Men kva har ho eigentlig lært?

Regjeringa har til handsaming utvalsrapportar som tilrår regjeringa å redusere talet på 110-sentraler frå 19 til 12. Brannstudien foreslår å redusere dagens 295 sjølvstendige brannvesen, og samle dei i fylkesetatar. Men lærdomen frå Lærdal og Flatanger er kor viktig den lokale beredskapen er. Kva forskjell mobilisering i lokalsamfunnet gjer, og kor viktig lokalkunnskap er – også for leiinga. Friviljuge og brannfolk, dei fleste deltidstilsette, gjorde ein fantastisk innsats i å redde både folk og verdiar. Dei har ein stor del av æra for at ikkje det ikkje gjekk verre i dei store brannane. Men eg fryktar at Erna er så blenda av sentraliseringsideologien at det skuggar for å sjå kva som fungerer godt lokalt i beredskaps-Noreg.

Senterpartiet vil bygge vidare på det som fungerer, og utvikle det vi har. Vi veit kor viktig lokalsamfunna er, og kva kraft som ligg i å mobilisere dei. Ein robust beredskap er ikkje det same som store einingar. Sentralisering som mål i seg sjølv, er gammaldags. Og avstandane i Noreg blir ikkje mindre, uansett kor mykje ein sentraliserer tenestene.

Eg håper statsministeren lærte nok i Lærdal til å leggje brannstudien i skuffa og satse på lokal og kortreist beredskap.

Liv Signe Navarsete parlamentarisk leder i Senterpartiet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.