I helga tevlar Gro Hommo i Øyfjell i oste-VM. (Her frå haustmarknaden på Rauland der mange nytta høvet til å smake og handle ost frå Lega)
I helga tevlar Gro Hommo i Øyfjell i oste-VM. (Her frå haustmarknaden på Rauland der mange nytta høvet til å smake og handle ost frå Lega)

Kan ost frå Vest-Telemark vere den beste i verda?

Av dei 3472 påmelde ostane som deltek i årets World cheese awards, er 175 norske – nokon av dei er mellom anna produsert i Nissedal, Vinje og Seljord.

Fleire ysteri frå Vest-Telemark er representert når verdas beste ost bli kåra under oste-VM i Bergen denne helga. Både osteprodusentar frå Vinje og Nissedal er med i tevlinga. 

Av dei påmeldte finn me Chevre naturell og Chevre original frå Tine sitt ysteri i Haukeli, Brunost og Stavfjell frå Lega sitt ysteri i Øyfjell, ost frå Setane gardsysteri i Haugsjåsund i Nissedal og ost frå Kråkeroe-staulen lengst nord i Seljord kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me finn også ost frå Stordalen gardsbruk i Tinn kommune.  

World cheese awards blir arrangert for 31. gong. Det er fyrste gong Noreg husar arrangementet. Aldri før har det vore så mange påmelde deltakarar til verdsmeisterskapen. Heile 3472 ostar frå 41 land, der 175 ostar frå 58 norske ysteri, skal mellom anna tevle om best smak.

Noreg stiller med 50 dommarar, som saman med 180 internasjonale dommarar skal kåre årets vinnar. 

I 2011 var det berre ein norsk deltakar i verdsmeisterskapen for ost, og totalt 58 påmelde ysteri.