Folurdvatnet mellom Urdenosi og Spafjell.
Folurdvatnet mellom Urdenosi og Spafjell.

Kaldseggi på langs

Kaldseggi er ein om lag fire kilometer lang fjellrygg på Kaldvassheia, som går langs sørsida av Folurdalen frå Folurdjuvet til Reinevatnet. Turen går innom både Skafsåheia og Bykleheia.

Me har gjort det til ein tradisjon å gå denne turen helga rundt 1. mai. Då er det som regel varmt i vêret og godt skiføre oppe på fjellet. Det var det også på årets tur. Strålande sol og skareføre etter nokon kuldegrader i natt.

Turen starta ved Bjørnevasshytta der me plar å gå rett opp gjennom hyttefeltet. På denne tida av året brukar me smørefrie fjellski. Då er det ikkje noko problem med varierande føre og bare flekkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

På veg opp frå Bjørnevasshytta legg me fellar på skia. Oppe på toppen av lia er det også hard skare, men med to centimeter lag med styresnø øvst - heilt ideelt skiføre. Herfrå kan ein velje å gå over Kleivsvatnet og vidare over Folurdkaldevatn. Dette er nok raskaste veg, men det er kjedeleg å gå berre over vatn. Me plar difor å svinge litt sørover opp til Øyrevatn. Frå enden av Øyrevatn ser me rett inn på mektige Spafjell, og me får nokon fine utforkøyringar mot Helleren. Me går over fjellryggen frå Helleren, og herfrå får me nok ei fin utforkøyring ned mot eit par tjern litt sør for Folurdkaldevatn. Ved å køyre slakt i lia er ein kilometer unnagjort på eit blunk.

No ser me rett over mot høgste toppen på Kaldseggi på andre sida av Folurdkaldevatn, og litt lenger aust ser me Urdenosi med sine 1521 meter over havet og sine steile fjellsider ned i Folurdvatnet. Me kryssar vatnet og byrjar oppstiginga. Her har me ein fast rastestad i eit lite søkk eit stykke oppe i bakken som alltid er snøfritt på denne tida, og som er godt skjerma om det bles. Etter ein solid rast tek me fatt på oppstiginga igjen. Me fylgjer eit drag som tek oss heilt frampå slik at me ser ned i den ville Folurdalen. Her plar det bestandig å kome ein kald vind opp frå dalen, men ikkje i dag. Herfrå går me opp på høgste nuten på Kaldseggi som ligg på 1291 moh. Vidare langs eggi er det som ein berg og dalbane med artige utforkøyringar. Så kjem me til ein heller som ligg på toppen av ein nut. Det er ein flat stein med opning vestover. Rundt steinen er det tetta med store flate heller, og oppå steinen står ein mosegrodd varde.

Så nærmar me oss enden på Kaldseggi, og me renn ned på vestsida av Vestre Kaldseggvatn, som me kallar det. Men før det blir det nok ein solid rast i sola oppe i bakken.

Ned i Folurd-dalen mot aust.
Ned i Folurd-dalen mot aust.
Helleren på Kaldseggi.
Helleren på Kaldseggi.
Urdenosi på 1521 moh.
Urdenosi på 1521 moh.
Ned i Folurd-dalen mot vest.
Ned i Folurd-dalen mot vest.
Folurdalen.
Folurdalen.
Kaldseggi over Folurdkaldevatn.
Kaldseggi over Folurdkaldevatn.
Ein liten rast på veg oppover mot Kaldseggi.
Ein liten rast på veg oppover mot Kaldseggi.
Mot Kaldseggi frå Spafjell.
Mot Kaldseggi frå Spafjell.

No er me på heimveg, og me går over Vestre Kaldseggvatn, legg fellar på skia og startar oppstiginga til Reindalsfjellet. Me fylgjer nesten den raudmerka sommarstien, og køyrer ned i Steindalen. Her kjem me inn på kvista løype til Berdalsbu. Me fylgjer dalen ned til Kleivsvatnet og vidare over Kleivstjønn. No har me berre den friske nedfarten til Bjørnevasshytta igjen. Den kan by på utfordringar, men denne gongen er det fin styresnø, så det går greitt. 

Vel nede ved bilen har me vore ute i åtte timar, men me har teke det veldig med ro for å nyte dagen i det fine og varme vêret.

Det er framleis mykje snø att i høgfjellet, så det går sikkert an å gå på ski i heile mai, men ein må etter kvart vere førebudd på å måtte bera skia eit stykke opp i høgda. Seinaste skituren me har hatt er 6. juni.

Anne Grethe og Svein Barstad