Nissedalrådmann Sverre Sæter sa han har eit krav på seg til å stille med lokalt kontor der Nav kan møte brukarane. Nav Nissedal held nå til i lokale under Spar-butikken i Treungen, ei leigeavtale kommunen har sagt opp. (Arkivfoto)
Nissedalrådmann Sverre Sæter sa han har eit krav på seg til å stille med lokalt kontor der Nav kan møte brukarane. Nav Nissedal held nå til i lokale under Spar-butikken i Treungen, ei leigeavtale kommunen har sagt opp. (Arkivfoto)

«Ingen med behov for å møte Nav-tilsette skal måtta reise til Dalen»

Kommunestyret i Nissedal har samrøystes gått inn for ei løysing med felles Nav-kontor for Vest-Telemark lokalisert til Dalen.– Det er ikkje brukarane som skal flytte på seg, understreka rådmannen før saka blei klubba.

Nissedal kommunestyre har sagt ja til ei tilråding der ein gjev rådmennene i kommunane i Vest-Telemark eit oppdrag om å etablere eit felles Nav-kontor innan 1. januar 2020. Vidare skal dei utarbeide ei avtale for eit slikt felles kontor, som skal vere på Dalen i Tokke.

Ordførar Halvor Homme (Ap) innleia saka i kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur me har større moglegheiter til å drive endå betre arbeidsformidling i eit felles Nav-kontor, sa Homme.

– Det med Nav-kontor i Vest-Telemark trur eg er den store prøvesteinen på om me skal lykkast med interkommunalt samarbeid i regionen. Viss me ikkje lykkast, trur eg også veldig mykje anna samarbeid kjem til å lide av det. Så for meg er dette ein stor test på viljen i det politiske Vest-Telemark på samarbeid, uttala ordføraren.

Bli vinnaren

Rådmann Sverre Sæter peika på kva som er viktig å jobbe med å sikre, når det blir eit felles Nav-kontor:

– Dei med størst bistandsbehov skal ikkje bli taparane i ei sak med å sentralisere eller samle Nav-tenestene på færre plassar i distriktet. Eg trur ein skal bli vinnaren ved å klare å bruke dei knappe Nav-ressursane på ein annan måte slik at dei i større grad enn i dag blir retta mot dei med det største bistandsbehovet.

Rådmannen la til at sjølv om det blir eit felles Nav-kontor i regionen frå januar 2020, skal Nissedal og Kviteseid som vedteke ha eit samlokalisert Nav-kontor i Kviteseid frå nyttår.

Føresetnad

Andrea Fjalestad (Ap) syntest det var kjempeflott at det er fokus på dei som treng Nav-tenester, men ville gjerne ha meir detaljar om korleis ein skal gjere det reint praktisk i forhold til den geografiske avstanden heilt til Dalen. 

– Korleis blir det med kontor her i Nissedal, og korleis ivareta arbeidstakarane vidare – er det plan på dette i dag, undra Fjalestad.

– Det er ein føresetnad at kommunane som ein del av det framtidige partnarskapet skal legge til rette for møteplassar lokalt. For dei me ynskjer å innrette ressursane mot, skal ha saksbehandlarmøte fortrinnsvis avtalt på førehand i Nissedal, i Treungen. Eg har eit krav på meg til å stille kontorfasilitetar til disposisjon for det. Me skal ha eit møtepunkt for brukarane. Desse geografiske distansane skal me minimere som eit problem. Det er ikkje dei som har behov for saksbehandlingsmøte, altså brukarane, som skal flytte på seg, svara rådmannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nemnte elles at når det gjeld vilkåra til Nav-tilsette frå den dagen det kjem felles kontor, er noko ein kjem tilbake til.

Etter avrøystinga og i ein pause spør VTB rådmann Sæter om alle som skal innom eit felles Nav slepp å reise til Dalen.

– Ingen med behov for å møte Nav-tilsette skal måtta reise til Dalen, svarar rådmannen.