Heidi Nordskog Kostveit, Ingebjørg Olbergsveen, Anne Vistad Bringsvær, Maren Johnsen Haugen, Aslaug Tveito Skjævesland, Kjetil Rekdal, Habane Ali Abdi, Malin Vale, Elisa Damberg, Åmund Øien, Johanne Neverdalen Jordstøyl, Erik Lofthus Midtbøen.
Heidi Nordskog Kostveit, Ingebjørg Olbergsveen, Anne Vistad Bringsvær, Maren Johnsen Haugen, Aslaug Tveito Skjævesland, Kjetil Rekdal, Habane Ali Abdi, Malin Vale, Elisa Damberg, Åmund Øien, Johanne Neverdalen Jordstøyl, Erik Lofthus Midtbøen.

«I stordomstida til Drillo var det stort sett bygdegutar på laget»

– Eg kjem frå ei lita bygd. Det har ikkje noko å seie kor ein kjem frå om ein skal bli god fotballspelar, sa Kjetil Rekdal i sitt foredrag på Vinjehuset.

– Det budde 160 personar i bygda eg kjem frå, og 300 i nabobygda. Me har til saman fire noregsmeistrar i fotball.

Slik opna Kjetil Rekdal sitt foredrag for spelarar, trenerar og foreldre i Prosjekt Vest-Telemark. Utviklingsprosjektet som er eit samarbeid mellom dei lokale klubbane. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Rekdal fortalde om sin veg fram som fotballspelar på nasjonalt og internasjonalt nivå, og om kva som krevjast for å bli god.

– Alle som speler fotball har ein draum om å bli god, men få veit kva som må til. Ein må trene mykje for seg sjølv. Eg trena seks timar kvar dag, sa Rekdal.

Han la vekt på at trenerar og leiarar må vere medvetne på å gi barna utfordringar og noko å strekke seg etter.

Johanne Neverdalen Jordstøyl, Anne Vistad Bringsvær, Habane Ali Abdi, Kjetil Rekdal, Aslaug Tveito Skjævesland, Heidi Nordskog Kostveit, Malin Vale.
Johanne Neverdalen Jordstøyl, Anne Vistad Bringsvær, Habane Ali Abdi, Kjetil Rekdal, Aslaug Tveito Skjævesland, Heidi Nordskog Kostveit, Malin Vale.
I foredraget kom Rekdal med eigne erfaringar og synspunkt på stoda i fotball-Noreg
I foredraget kom Rekdal med eigne erfaringar og synspunkt på stoda i fotball-Noreg

– På laget mitt i oppveksten var me fem gode spelarar, og fem som sprang i pølsekiosken rett etter kamp. Far min som var trenar skrøyt og roste alltid pølseetarane, medan han rista oss andre. Han gav oss utfordingar, sa Rekdal.

Ungane vil ha krav

– Det er spelaren som må stå i fokus. Ikkje krinsmeisterskap og diplomar. Vis barna om igjen kva dei må gjere. Alle likar å bli sett og å få til noko. Det er utruleg lett å motivere barn, sa Rekdal

Mannen med 83 landskampar med flagget på brystet stussa også på prioriteringane rundt om i fotball-Noreg.

– Største feilen er å løne trenerar til A-lag i andre og tredje divisjon, dei har spelarar som aldri kjem til å bli til noko. Medan dei som trenar barna våre som framleis kan bli gode, må leve på dugnad og basar, heldt han fram.

­– Seier det som det er

– Landslaget hadde eit skot på mål mot Slovakia no i sist landskamp. Så høyrer eg ein av spelarane seie at det var ein god bortekamp. Hallo, sjanselaust, tordnar Rekdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ikkje så populær i Noregs fotballforbund, fordi eg seier det som det er. Når me er seks år gamle er det ikkje noko forskjell på oss og dei i Belgia, men det er det me gjer etterpå som gjer at det er nivåforskjell.

I Noreg syr me puter oppunder armane på spelarane våre. Me må heller tore å gå i klinsj med kvarandre og stille krav, sa Rekdal.

Fotballtrenaren meinte at klubbane sine hovudoppgåve var å stille krav og gi tryggleik til ungane som spelte fotball.

Etter foredraget samla Rekdal lokale fotballspelarar til ei treningsøkt i idrettshallen. Her synte ein myndig Rekdal fram øvingar som fokuserte på terping og nøyaktighet i pasningar, men også om å hjelpe kvarandre på banen med å snakke saman.

Fredrik Damberg er styreleiar i Prosjekt Vest-Telemark, og var nøgd med opplegget til Rekdal.

­– Han tek tak i ein del basisferdigheter, og er veldig tydeleg. Det var mange trenarar her i kveld, så eg håpar dei hadde nytte av dette, sa Damberg.