Eigaren kom seg ut og fekk varsla brannvesenet, etter å ha høyrd ein ulyd frå soveromet. Huset er totalskadd. Brannvesenet klarte å hindre at brannen spreidde seg.
Eigaren kom seg ut og fekk varsla brannvesenet, etter å ha høyrd ein ulyd frå soveromet. Huset er totalskadd. Brannvesenet klarte å hindre at brannen spreidde seg.

Høyrde det knitra – kom seg ut

Torsdag morgon reagerte ein huseigar som var på soveromet sitt på ein lyd. Det viste seg at huset i Treungen stod i full fyr, eigaren kom seg ut og varsla brannvesenet. Dei stod på for at brannen ikkje skulle spreie seg til nabobygg.

To minuttar på fem torsdag morgon låg ein huseigar i eit byggefelt i Treungen på soveromet. Ein knitrelyd på utsida av huset fekk personen til å reagere. Det var ikkje noko røyk på soveromet, men eigaren oppdaga at huset brann utanfor romet og varsla straks Nissedal brannvesen.

Utrykkingsleiar Geir Tveiten fortel til VTB at alarmen gjekk klokka 05.00 i utgangspunktet til alle dei 16 friviljuge som er med i brannmannskapet. Ni av dei var straks på plass, og ti over fem starta sprøytinga av vatn på bygget frå vassvogna til brannvesenet. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Flammene stod opp midt i taket, det var full overtenning. Mannskapet jobba som galne og fekk eigentleg kontroll veldig fort med tanke på omgjevnadene og nabobygga. Her er gørrturt, så noko av det fyrste me tenkte på var å skjerme området rundt. Det var ingen sjanse til å redde huset – det var tapt då me kom, seier Tveiten.

Huset som er totalskadd ligg like ved Treungen barnehage og fleire bustadhus.

Då brannmannskapet kom til brannstaden, fekk dei straks sjå huseigaren.

– Det var veldig godt å sjå at huseigaren var på utsida då me kom her, seier Tveiten.

Då VTB var ved brannstaden klokka 07.30 var det ettersløkking, og utover dagen skal mannskap passe på at brannen ikkje blussar opp att. Politiet hadde reist frå staden, og har bede om teknikarar for å prøve å finne brannårsaka.