Formannskapet i Vinje held fast ved at felles Nav-kontor i Vest-Telemark blir på Dalen i Tokke. Ordførar, Jon Rikard Kleven (t.v) og rådmann Jan Myrekrok.
Formannskapet i Vinje held fast ved at felles Nav-kontor i Vest-Telemark blir på Dalen i Tokke. Ordførar, Jon Rikard Kleven (t.v) og rådmann Jan Myrekrok.

Held fast ved Nav-kontor i Tokke

Formannskapet i Vinje tok opp att lokaliseringa av eit felles Nav-kontor etter at Fyresdal sa nei til å vera med. Politikarane i Vinje stiller seg framleis bak eit kontor på Dalen.

Jon Rikard Kleven (Sp) meinte det var greitt å få saka opp på nytt i formannskap og kommunetyre.

– Nissedal og Seljord handsamar ikkje saka ein gong til, men eg synest det er greitt å få forankra saka med tanke på at det nå er fem kommunar som blir ein del av samarbeidet, og ikkje seks. Eg vil også legge til at mykje av årsaka til at lokaliseringa gjekk til Tokke var på grunn av at Fyresdal gjekk så sterkt inn for Tokke i dei tidlegare drøftingane, sa Kleven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Børre Rønningen (Ap) sa også at det var Fyresdals tidlegare standpunkt som gjorde at han røysta for, ved førre avrøysting.

– Eg er litt i tvil, for det er eit tankekors at den største bidragsytaren stadig tapar når det gjeld fordeling av ulike kontor. Utan at eg vil knyte det altfor mykje til akkurat denne saka, sa Rønningen.

Dei andre har også fått lite

Kleven trøysta med at det var tale om å få eit vasskraftsenteret til Vinje og at det kom nye moglegheiter med høve til etableringar.

– Nissedal og Fyresdal har ikkje fått mange nye samarbeidsetableringar, og Seljord føler også at dei har fått lite. Kviteseid derimot har fått mykje, og meiner det fungere så bra at alt anna også bør ligge der, sa Kleven.

Øystein Høgetveit trudde Fyresdal kom med på sikt.

– Eg ser godt at Vinje er frustrerte, men eg trur ikkje det går mange år før Fyresdal blir med, sa Høgetveit.

Eit samrøystes formannskap gjekk inn for at felles NAV-kontor for Vest-Telemark skal vere på Dalen, og at Tokke er vertskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka går vidare til kommunestyret for endeleg vedtak.