Ola B. Johannessen kjem til Grimdalstunet siste fredagen i mai for å snakke om, og framføre, delar av Haugtussa, diktverket som Arne Garborg i si tid skreiv.
Ola B. Johannessen kjem til Grimdalstunet siste fredagen i mai for å snakke om, og framføre, delar av Haugtussa, diktverket som Arne Garborg i si tid skreiv.

– Haugtussa har fylgd meg lenge

Ola B. Johannessen (79) er eit kjent andlet for svært mange. Skodespelaren, sceneinstruktøren og teatersjefen har heilt sidan han gjekk på Statens Teaterhøgskule hatt eit nært forhold til Arne Garborgs Haugtussa. No kjem han til Grimdalstunet med diktverket.

– Det var Edvard Drabløs, ein av lærarane på Statens Teaterhøgskule, som introduserte meg for Haugtussa. Han meinte det ville vere noko eg kunne like, og det fekk han heilt rett i, seier Johannessen til VTB.

Drabløs (1883–1976), frå Sykkylven på Sunnmøre, var sjølv ein svært sentral person i teatermiljøet, og han var sentral då Det Norske Teatret blei oppretta i 1912. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han kjente også Garborg-familien, så eg følte det nesten som eg fekk Haugtussa direkte frå meistaren, Arne Garborg (1851–1924). Elles hadde Drabløs sett at eg var fysisk aktiv og ganske dyktig innan dans og jazzballett på teaterhøgskulen. Han såg tydelegvis at eg var ein danseglad fyr, og Haugtussa er eit diktverk som er bygd på rim og rytme, fortel Johannessen.

Versa er dikta over folkeviser, stev, regler og salmeviser, og såleis har stykket vore sett opp som både ballett og teater med song og spel.

– Eg hadde gleda av å debutere på Det Norske Teatret med nettopp Haugtussa, og i åra etter har det vore mange oppsetjingar der eg også har dansa og sunge til diktverket, seier han.

Gler seg til å sjå Vest-Telemark

Johannessen skal fortelje om og framføre delar frå Haugtussa på Grimdalstunet 25. mai. Han tek med seg kona og kjem til Vest-Telemark dagen før.

– Heilt ærleg så har eg ikkje sett så mykje av Vest-Telemark. Eg har i mange år tenkt at eg skulle sett Dalen Hotel og andre attraksjonar i regionen. No får me omsider høve til det, og eg gler meg stort til å kome til Grimdalstunet, seier Johannessen.

– Då blir det vel song og dans frå Haugtussa?

– Kanskje skal eg syngje, men det blir definitivt ikkje dans. Men snakke i danserytmar, ja, det kjem eg til å gjere, avsluttar den sympatiske Ola B. Johannessen.

I tillegg til Johannessen, skal også Tokke songlag underhalde med song denne vårkvelden, og det blir høve til å kjøpe kaffi og kake.