Nesten fem månader etter at taket på bygget blei tatt av vinden, er skaden framleis ikkje retta opp. (Privat foto)
Nesten fem månader etter at taket på bygget blei tatt av vinden, er skaden framleis ikkje retta opp. (Privat foto)

Harde kampar med forsikringsselskap

Takskaden som kom på tusenårsstaden og leikesenteret veslejoleftan er framleis ikkje ordna opp i. Nissedal kommune har hatt litt av ein forsikringskamp både i denne saka og etter brann i ein utleigebustad i Kyrkjebygda.

I 2000 blei den gamle lokomotivstallen i Treungen valt som Nissedal kommune sin tusenårsstad. Dei seinare åra har det vore leikesenter i bygget.

Veslejoleftan reiste kraftig vind med halvparten av takarealet. Kommunen tok straks kontakt med sitt forsikringsselskap Protector for å få på plass nytt tak, men det skulle vise seg å ikkje bli ei enkel sak å ordne opp i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skaden blei taksert til 200 000 kroner, men med varsel om betydeleg avkorting på bakgrunn av ei vindmåling på berre 22 meter i sekundet. 

– Det blei ein stor diskusjon om kvar målestasjonen ligg, eit nesten komikkens skjær, seier kommunalsjef Jarle Bruun Olsen om bruduljen.

Flaut

Takstmannen la til grunn at målestasjonen ligg 50 meter unna bygget, utan å ha sett stasjonen. Men målestasjonen det er snakk om ligg ein del hundre meter unna og ikkje i same vindharde området som der taket bles av. 

– Når heile taket lettar og flyg over bygget, då er det sterk vind. Protector har gjeve seg nå, og har ansvaret for å få taket på plass, seier Olsen.

Det høyrer med til saka at det takstmannen hadde kome fram til ikkje blei godteke, og det kom inn ny takstmann. 

Forsikringsselskapet dekker kostnaden med nytt tak, ein prislapp som kan bli på nesten ein halv million kroner. Kommunen ynskjer at det også skal kome innvendig himling, ein kostnad dei tek sjølv.

Jobben med taket er planlagt å starte 4. juni og skal vere ferdig 27. juni. 

– Det framstår som litt flaut at bygget har stått ope i månadsvis …, seier kommunalsjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skivebom på kostnad

Det er ikkje den einaste kampen kommunen har hatt med forsikringsselskapet. 

Etter brann i ein kommunal utleigebustad i Kyrkjebygda, blei skaden taksert til 800 000 kroner. Sluttresultatet viste seg å bli på langt over to millionar kroner. 

– Kommunen meinte huset var totalskadd, og at det burde ha blitt rive og bygd nytt, seier Olsen.

Takstmannen engasjerte utanbygdes arbeidarar til å ordne opp att bustaden. Etter det Olsen meiner var mykje juksearbeid, fekk ein inn ny takstmann i saka og ein måtte rive og gjere om ein del av arbeidet som alt var gjort.

– Me i kommunen avviste kontantoppgjer, og då blei det Protector som fekk ansvaret for bygget. Kommunen tapte ikkje noko spesielt på bustaden, men det var ikkje utleige der på halvtanna år, seier kommunalsjefen.

Tek kritikken på alvor

Det er skadesjef Fredrik Messel i Protector som har hatt kontakt med Nissedal kommune i dei to forsikringssakene.

– Det er kjedeleg at ein kunde ikkje er fornøgd med oss. Slik kritikk tek me på største alvor, seier Messel.

Han seier at forsikringsselskapet tok ansvar i saka etter brannen i utleigebustaden, då det viste seg at firmaet som hadde jobben kledde inn problemet med at det framleis lukta brent, noko kommunen påpeika. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dessverre gjorde ikkje firmaet god nok jobb, seier Messel.

Om bygget i Treungen seier han at det blei ein diskusjon om vindstyrken den kvelden taket bles av tusenårsstaden, og diskusjon om ei avkorting av forsikringssummen. I tillegg kom det mykje snø – ein tøff vinter gjorde ting vanskelegare med tanke på å ordne taket.

– Takstmannen sa at innfestinga av taket var for dårleg. Me tok ei ny vurdering og det kom ny takstmann inn i saka, derfor blei det ikkje avkorting på summen. Me såg at det hadde vore større vindbelastning enn det fyrste takstmannen la til grunn, og vinden hadde jo lyfta ein metallbjelke. Nå har saka kome ned på ein måte kommunen bør vere fornøgd med, seier Messel.

Fortvila leikesentereigar

Det er Marta og Jørgen Solberg som eig leikesenteret i den gamle lokomotivstallen i Treungen. Solberg fortel at dei har forsikring for det som er inne i bygget der taket blei tatt av vinden.

– Me har mista omsetning, det er tap av varer og skade på utstyr. Kor mykje av utstyret som er øydelagt veit me ikkje. Må me kjøpe nytt vil det koste mykje. Me er innstilt på at det blir diskusjon om pengar i oppgjeret, slik er det alltid med forsikringsselskap, seier Jørgen. 

Han har eit stort ynske om at leikesenteret kan opne til fellesferien.

– Det er klart at hadde ein fiksa taket umiddelbart ville ikkje utstyret inne tatt skade og me ville kunne starta opp att på eit mykje tidlegare tidspunkt, seier Solberg.