Stine Brekka Skoland, dagleg leiar i Telemark Røde Kors.
Stine Brekka Skoland, dagleg leiar i Telemark Røde Kors.

Har fått inn meir enn 100 000 frå pantarar

Dei siste ti åra har Røde Kors sine lokalforeiningar i Telemark, takka vera lokale flaskepantarar, mottatt nesten fire millionar kroner til å drifte frivillige aktivitetar. Seljord Røde Kors har mottatt 116 027 kroner. 

–  Når telemarkingar tek med seg tomflaskene til butikken vel veldig mange å trykke på Røde Kors-knappen i staden for å ta pengane i si eiga lomme. Der og då verkar det kanskje som eit lite bidrag, men for lokalforeiningane våre betyr kvar krone fleire moglegheiter til å drive positive aktivitetar, seier Stine Brekka Skoland, dagleg leiar i Telemark Røde Kors.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år feirar Pantelotteriet 10-årsjubileum, og for Røde Kors sine lokalforeiningar i Telemark har det sidan starten kome inn til saman 3,8 millionar kroner. Kvart trykk på Røde Kors-knappen er, i tillegg til eit bidrag til humanitær aktivitet, også ein moglegheit til å vinne ein gevinst på ein million kroner. I løpet av dei ti åra har sju telemarkingar blitt millionær etter å ha panta tomflasker. Fem av desse er frå Porsgrunn. Det er også Porsgrunn Røde Kors som har fått inn mest pengar på dei ti åra (1 042 570)

Elles i Vest-Telemark: 

Vinje/Haukelid Røde Kors     70 564

Nissedal Røde Kors              15 423

Fyresdal Røde Kors              13 269

Tokke Røde Kors                    5 021