Lene Lauve og resten av LSK-kvinnene sikra gullet etter 3-1 borte mot Kolbotn søndag.
Lene Lauve og resten av LSK-kvinnene sikra gullet etter 3-1 borte mot Kolbotn søndag.

– Håpar eg ikkje må levere tilbake gullmedaljen

Lene Lauve frå Kviteseid treng berre eitt innhopp for å få seriegull saman med LSK Kvinner. Søndag sikra dei seriegullet med to rundar igjen.

– Feiringa var kjempeartig. Hege Riise (LSK-trenar) stod på bordet og sang «Se ilden lyse», ler Lene Lauve.

LSK kvinner tok sigeren dei trengte borte mot Kolbotn. Dermed har laget sikra seg sin fjerde meisterskapstittel på rad to rundar før slutt. Lene Lauve frå Kviteseid sat på benken under kampen og fortel om ein slitekamp på ei elendig grasmatte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Banen var som åker

– Det var som ein åker. Me måtte be dommarane om å fylle på sand innanfor fem-meteren. Det var faktisk ein av dei verste banane eg har sett. Nesten slik som ein spelte på før i tida i Vest-Telemark, seier Lauve og fortsett.

– Me visste det ville bli ein tøff kamp mot eit Kolbotn-lag som kjempa for å ikkje rykke ned. Dei tok leiinga, men etter det fyrste målet vårt fekk me meir tak og kontroll på kampen.

Det enda med 3-1 siger og LSK-kvinnene kunne juble for nok eit seriegull. For mange av spelarane var det det fyrste seriegullet etter mange utskiftingar før sesongen. Til laurdag blir gullmedaljen utdelt etter toppkampen mot Stabæk, då har Lauve eit stort håp om å få den siste kampen som vil gje ho seriegull.

Ikkje noko signal

– Eg har ikkje fått noko signal på det eine eller det andre, men eg håpar veldig på å få starte eller få eit innhopp. Det hadde vore veldig surt om eg må levere tilbake medaljen, men eg håpar og trur eg slepp det, flirer 28-åringen.

Heile laget vil ta imot gullmedaljane i LSK-hallen etter kampen mot Stabæk, men om ikkje Lauve får speletid dei to siste kampane må ho altså levere tilbake medaljen.

– Kjenner eg dei rett så blir det innhopp, sjølv om eg håpar å få stå frå start. Det kjem litt an på fyrstekeeperen Cecilie Fiskerstrand eigentleg. Det kan hende ho lar meg stå, seier Lauve.

Artikkelen held fram under annonsen.

28-åringen frå Kviteseid har to seriekampar for LSK denne sesongen. LSK skal også ut i åttendelsfinale i meisterligaen i haust. Trekninga blei gjort måndag, og LSK trakk storlaget Manchester City.