Brannhelikopter vart tilkalla då ein grasbrann starta i Hauggrend i Fyresdal i dag. Brannen er nå under kontroll.
Brannhelikopter vart tilkalla då ein grasbrann starta i Hauggrend i Fyresdal i dag. Brannen er nå under kontroll.

Grasbrann i Fyresdal under kontroll

11:28 i dag vart det meldt om ein grasbrann i Hauggrend i Fyresdal.

Det var fare for at brannen skulle spreie seg til skogen, og brannhelikopter vart tilkalla. Brannvesenet var alt på staden, og kopla frå nokre kraftledningar. Politiet kan nå melde at brannen er under kontroll, og at ein driv med etterslokking på staden.