Dette private bildet er frå Evje og ein flyplass som neppe eksisterer i dag. To Evje-damer me ikkje har namna på omkransar organist Eilef Hægeland. Frå høgre er Sveinung Nygård, sokneprest Torfinn Moen og Astrid Ormtveit.
Dette private bildet er frå Evje og ein flyplass som neppe eksisterer i dag. To Evje-damer me ikkje har namna på omkransar organist Eilef Hægeland. Frå høgre er Sveinung Nygård, sokneprest Torfinn Moen og Astrid Ormtveit.

Gløymer aldri flyturen med presten

På starten av 1990-talet fekk fyresdølen Sveinung Nygård ei spesiell oppleving og eit minne for livet. Bygdas prest Torfinn Moen fekk han med på småflytur. Landinga på eit jorde i Evje sette sine spor …

Nissedølen Torfinn Moen var sokneprest i Fyresdal frå 1987 til 1995. 17 år før han kom til Fyresdal var flysertifikatet i hamn, og Moen kunne starte på hobbygleda oppe i lufta.

Sveinung Nygård, som nå er 87 år gamal, blei spurd av presten om å vere med på flytur til Evje i Setesdal ein dag på starten av 1990-talet. Moen skulle flyge organist Eilef Hægeland dit fordi han skulle vere der ei tid. Også Astrid Ormtveit blei med på turen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me landa på eit jorde i Evje. Det var rett og slett ujamt der – det humpa og skumpa, eg var livredd. Her er beviset, dette ser ikkje ut som nokon flyplass, seier Nygård, og tek fram eit bilde han har hatt liggande i årevis.

Etter å ha sleppt av organisten byrja presten på utfordringa og problemet med å få flyet oppover mot himmelen att.

– Moen sa til Astrid og meg at hadde også Eilef vore med tilbake, hadde me ikkje kome i lufta. Men me kom oss då dit, og eg var veldig glad då eg såg tretoppane under flyet, seier Nygård.

Han vedkjenner at det var så vidt han ikkje trega på å ha blitt med på turen.

– Men det blei eit minne for livet, seier Nygård med eit smil i dag.

Fly, Tarzan-huske og anna moro

Sokneprest Torfinn Moen blei kjent for hobbyen sin med småflyet, men dreiv også med andre ting på fritida, mellom anna treivst han i dykkardrakt og på vasski. Alt som 14-åring laga han si fyrste Tarzan-slynge heime i Nissedal, eit moroinnslag som kom på plass også andre stader der han budde opp gjennom åra.

Moen blei vidgjeten då han sette opp ei Tarzan-huske i prestegardshagen i Fyresdal. Utskytingsrampa var elleve meter oppe i ei bjørk. Huska var så spesiell at påfunnet blei innslag i Norge Rundt.

– Eg gler meg når eg gjer andre glade. Gjennom dei morosame tinga, Tarzan-huske og flyginga, får eg tett kontakt med folk. Men eg er fyrst og fremst prest, det andre er hobby, sa Moen i eit intervju med VTB i 1995, rundt tida det blei kjent at presten skulle flytte til Drangedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spolar me tilbake endå åtte år, står det i lokalavisa om den fyrste arbeidsdagen soknepresten hadde i Fyresdal: «Abraham Moen på Vestheiane i Fyresdal fekk seg ei gledeleg overrasking på 78-årsdagen torsdag: Fly-sende blomar! Mann for overraskinga var sjølvsagt Torfinn Moen, fersk sokneprest i bygda. På den aller fyrste arbeidsdagen leigde han ein Piper Cherokee av Notodden Flyklubb.

– Flying start, kommentera klokkar Anne Grethe Hassum då soknepresten tok av med blomar til Abraham på Vestheiane. Med i flyet var også borneborna til Abraham med etternamnet Teksle som vinka til bestefar på staulen. Abraham på si side vinka attende ei kvittering for blomane frå himmelen. Også klokkar Anne Grethe og sonen Ådne fekk ein tur til vêrs.»