Fylkesmannen vil ikkje godta eit kommunalt vedtak om at Vik i Nordbygda i Nissedal blir eiga driftseining igjen.
Fylkesmannen vil ikkje godta eit kommunalt vedtak om at Vik i Nordbygda i Nissedal blir eiga driftseining igjen.

Fylkesmannen oppheva delingsvedtak

Eit fleirtal i Nissedal formannskap gav på nyåret Olav Inge Nordbø løyve til å dele driftseininga Vik 7/1 og Tveitane 14/1 i to. Fylkesmannen fann sterk grunn til å oppheve vedtaket.

Mot rådmannens innstilling vedtok fleirtalet KrF og Ap i Nissedal formannskap at fyresdølen Olav Inge Nordbø kan dele driftseininga han overtok etter foreldra i 1989. Grunngjevinga for delinga var at det på best måte legg til rette for framtidig busetting på begge bruka, noko som er eit overordna mål for kommunen. Vidare blei det politisk ja til at den 13,3 dekar store teigen Myrane blir delt frå Vik på vilkår at den blir overført til Vik camping.

Fleirtal for å dele driftseining

Artikkelen held fram under annonsen.

Nordbø ville sjølv behalde Tveitane og selje Vik. Samla er dei to eigedomane på 6292,8 dekar, og 4749 dekar av dette høyrer til Tveitane. Der er både våningshus og driftsbygning i dårleg stand.

Ikkje tenleg bruksstruktur

Fylkesmannen har sett nærare på saka og meiner at å dele driftseininga vil svekke ressursgrunnlaget i høve til noverande og framtidige eigarar.

«Tveitane har store utmarksareal i form av jakt og fiske. Kommunens vedtak fører til ei oppsplitting av landbruksareal og reduserer i stor grad moglegheit for økonomisk drift. Ei deling vil medføre oppretting av ei eining med svært dårlege hus og driftsbygning. Deling som omsøkt vil etter Fylkesmannens skjønn ikkje føre til ein tenleg bruksstruktur for landbruket. Sjølv om eigedomane ligg med litt avstand har dei vore drive saman minst i to generasjonar», skriv Fylkesmannen.

Han legg til at det er eit vektig moment å sikre at ressursane også i framtida er samla, som igjen er eit ledd i å styrke inntektsgrunnlaget på bruket og dermed busettinga i området.

Neppe busettingsauke

Fylkesmannen finn det vanskeleg å sjå ei positiv endring i busetting i saka, då frådeling ikkje gjeld tomt/romsleg tomt, men deling av ei driftseining der den eine eininga har svært dårlege hus. Kommuneadministrasjonen viser til at bygningane på Tveitane er så dårlege at det kan vere rett å rekne denne eigedomen som ubebygd ut frå reglane om buplikt.

«Fylkesmannen finn det tvilsamt om ei deling vil føre til auke i busettinga i området. Fylkesmannen merkar seg også at søkjar har misleghalde buplikta og at Fylkesmannen har motteke melding om det.»

Elles blir det påpeika at det er dei totale ressursane som i dag er knytt til landbrukseigedomen, som dannar grunnlag for sjølvstendig drift der i framtida. 

«Fylkesmannen meiner derfor at det ikkje føreligg landbruksmessige omsyn som med avgjerande vekt tilseier at søknaden om frådeling av teigen Myrane til Vik camping må innvilgast».

Artikkelen held fram under annonsen.

Uheldig retning

Vidare meiner Fylkesmannen at som ei følgje av samtykke til frådeling i denne saka, vil det gjennom presedensverknad bli vanskeleg å ivaretake landbruksressursar og hindre framtidig oppsplitting av landbrukseigedomar. 

«Vedtaket i Nissedal formannskap er etter Fylkesmannen sitt syn eigna til å dreie praksis i klart uheldig retning dersom det blir ståande. Vi finn derfor sterk grunn til å gjere om nemnte vedtak.»

I og med at Fylkesmannen oppheva det lokale vedtaket, inneber det at det ikkje er gjeve delingsløyve etter jordlova. 

Vedtaket kan påklagast til Landbruksdirektoratet, er avsluttinga på brevet skrive av landbruksdirektør Helge Nymoen og seniorrådgjevar Ingvild Grov Korneliussen.