Statens vegvesen har stoppa all kantslått langs dei 2300 kilometrane med riks- og fylkesveg.
Statens vegvesen har stoppa all kantslått langs dei 2300 kilometrane med riks- og fylkesveg.

Fryktar brann – stoppar kantslåtten

All klypping av gras i vegkanten langs vegnettet i Telemark er stoppa på grunn av fare for brann, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Når vegetasjonen i vegkantane blir klypt, kan det oppstå gnister når reiskapen treffer stein. Desse gnistane kan vera nok til å starte ein brann. Me har vurdert om me kan slå nokon stader, men har kome til at me ikkje tek nokon sjansar og stoppar derfor all kantslått i heile Telemark, opplyser prosjektleiar Ingmar Ulvenes i Vegvesenet. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle entreprenørane har fått beskjed om å stoppe planlagt klypping av vegetasjon. Forbodet gjeld alle dei 2300 kilometrane med fylkes- og riksvegar i Telemark. Konsekvensen blir at vegetasjonen blir høgare enn normalt.

– Det betyr at det nokre plassar kan bli redusert sikt på grunn av høg vegetasjon. Rydding av vegkantane blir sett i gang att så fort forholda tillet det, seier Ulvenes.