Anne Nyland (t.v.), Ellen Camilla Midtsund og Kari Skarprud gleda seg til å vere med på Kanalrittet frå Kviteseid til Lunde.
Anne Nyland (t.v.), Ellen Camilla Midtsund og Kari Skarprud gleda seg til å vere med på Kanalrittet frå Kviteseid til Lunde.

Fire hundre på Kanalrittet

Kviteseidingane Anne Nyland (49), Ellen Camilla Midtsund (47) og Kari Skarprud (28) var blant dei 400 som deltok på Telemarkskanalrittet laurdag.

Det er laurdag føremiddag og det kryr av syklistar som varmar opp eller slår av ein prat med kvarandre i Kviteseid sentrum. Anne Nyland, Ellen Camilla Midtsund og Kari Skarprud er blant dei 215 deltakarane som skal sykle 55 kilometer til Lunde. Midtsund skal starte i fyrste puljen som er for dei som reknar med å bruke to og ein halv time eller meir.

– Eg var med i fjor og er sånn cirka klar igjen. Litt nervøs, seier Midtsund, før ho må gjere seg klart til starten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spennande og artig

Nyland og Skarprud har ein halv time på seg før turen byrjar i gruppa for dei som reknar med å kome i mål under to og ein halv time. Nyland har tidlegare delteke fem gonger i Kanalrittet.

– Det var fine turar, og eg trur det blir ein kjempefin tur i det flotte vêret i dag. Eg satsar på gamal grunnform etter å ha hatt ski- og gåturar, og gler meg til å starte, seier Nyland.

Skarprud debuterer i sykkelløpet.

Totalt var det 215 startande frå Kviteseid sentrum.
Totalt var det 215 startande frå Kviteseid sentrum.
Geir Kjartan Lid og sonen Kjartan syklar over kanalen ved Spjotsodd bru. Dei vil prøve å kome samla i mål i Lunde.
Geir Kjartan Lid og sonen Kjartan syklar over kanalen ved Spjotsodd bru. Dei vil prøve å kome samla i mål i Lunde.
I år måtte det vere leiebil før kvar pulje i Telemarkskanalrittet. Halvor Nyland køyrde den eine bilen, noko oppgjeven over dei nye krava for sykkelløp.
I år måtte det vere leiebil før kvar pulje i Telemarkskanalrittet. Halvor Nyland køyrde den eine bilen, noko oppgjeven over dei nye krava for sykkelløp.

– Eg er med fordi eg har tid til det, og det er moro å prøve om eg blir biten av basillen. Det blir spennande og artig å delta, og å sjå på stemninga undervegs. Eg blir kanskje ivrig og vil presse meg når eg ser dei andre, seier Skarprud med eit smil.

Blant dei 400 deltakarane i Kanalrittet valde ein god del timilsturen frå Dalen til Lunde. Kviteseidingane Geir Kjartan Lid (64) og sonen Kjartan (16) vel å stå på startstreken i heimbygda. Faren har delteke 12 gonger før, og Kjartan skal sykle sitt tredje Kanalritt. Duoen satsar på å kome samla i mål.

– Me køyrer roleg til Fjågesund, så ser me korleis det funkar. Går det greitt, gjev me på etter kvart, seier Geir Kjartan med eit smil.

Vellykka

Det er idrettslaga langs Kanalritt-traseen som arrangerer sykkelløpet. Årets utgåve var det 17. i rekka, og Halvor Nyland i Kviteseid IL har hjelpt til ein god del av dei gongene. Laurdag hadde han ansvaret for starten i sentrum, og skulle køyre leiebil for siste puljen. Fyrst måtte han starte pulje nummer éin.

– Ei siste oppmoding; eg ser at nokon ikkje har hjelm. Det må de ha, me slepper ikkje nokon av garde utan hjelm, seier Nyland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar alle respekterer å sykle på rekkje gjennom tunellane, er neste beskjed.

Halvtimen seinare sit han klar i leiebilen, og i 55 kilometer er han like framom den tohjulingen som er fyrst i puljen. Vel framme i Lunde oppsummerer Nyland Telemarkskanalrittet slik, eit arrangement der mange stiller på dugnad, mellom anna på matstasjonane og som vakter:

– Alt gjekk på skinner.

Strengare krav for sykkelløp

Halvor Nyland i arrangørstaben ser litt oppgjeven ut når han snakkar om endringane som har kome for sykkelløp i år. 

– Det har kome nye forskrifter som Vegvesenet og politiet set i verk. Det gjer at mange sykkelløp blir avlyst – ein får ikkje dugnadsfolk til å ta kurs som må til for å vere med og arrangere, seier Nyland.

For det fyrste er det krav om autorisasjonskurs på fire timar for dei som arrangerer. Vidare er det krav om vakthald ved tunellane syklistane skal gjennom. For å vere slik vakt må ein gjennomføre åtte timars kurs med eksamen. Alternativet for Kanalrittet var å leige Securitas, noko som ville koste.

– Mange dugnadsfolk måtte ta dei to kursa, elles måtte me avlyst rittet, seier Nyland.

Elles fortel han at tidlegare har arrangørstaben kunna stoppe bilar og dirigere trafikken under rittet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nå er det motsett, me får berre dirigere syklistane. I utgangspunktet er det sunt bondevett som må til for å løyse trafikkdirigering og vakthald …, seier Nyland, som for fyrste gong registrerer at ein patruljebil med to politi er på plass i Kviteseid under arrangementet.

Den verste endringa Nyland meiner har kome i år er at ein har måtta nedgradere statusen på løpet. Denne gongen er det berre mosjonsklasse frå Dalen og Kviteseid til Lunde. Nye og strengare krav for vakthald og varslingskøyretøy gjer at det er slutt på konkurranseklassene på tid.

– Me måtte hatt politieskorte og heile pakka om rittet skulle gått på tid. Det er ikkje berre, berre lenger. Me var ikkje heilt førebudd på dei nye krava som har kome, men satsar på at det blir løp neste år også, avsluttar Nyland.