I revidert nasjonalbudsjett føreslo regjeringa å legge ned fangeleiren i Fyresdal til hausten. I går torsdag viste det seg at ulike krefter hadde klart å snu saka. Nå skal tidlegare justisminister Anders Anundsen jobbe for at leiren held fram i lang tid.
I revidert nasjonalbudsjett føreslo regjeringa å legge ned fangeleiren i Fyresdal til hausten. I går torsdag viste det seg at ulike krefter hadde klart å snu saka. Nå skal tidlegare justisminister Anders Anundsen jobbe for at leiren held fram i lang tid.

Fangeleiren får halde fram

Det opne soningstilbodet i Fyresdal blir likevel ikkje lagt ned til hausten. Formannskapet i kommunen har engasjert tidlegare justisminister Anders Anundsen i saka, noko ordføraren meiner er avgjerande for fangeleiren.

I revidert nasjonalbudsjett som regjeringspartia Frp, Høgre og Venstre la fram i midten av mai, var forslaget å legge ned 250 soningsplassar med lågare tryggleiksnivå. Det blei påpeika at ein har avvikla soningskøen, og auka bruk av straffegjennomføring med elektronisk kontroll har bidrege til å redusere behovet for fengselsplassar på låg tryggleik. Plassane ved Arendal fengsel, avdeling Kleivgrend blir lagt ned før nytt fengsel i Agder står ferdig i 2020, var meldinga frå Justisdepartementet.

– I revidert nasjonalbudsjett låg det an til at fangeleiren i Fyresdal blir lagt ned alt til hausten. Ein slik raskt prosess kom veldig overraskande på meg, dei som jobbar i leiren og mange andre, seier Solveig Sundbø Abrahamsen (H), stortingsrepresentant frå Telemark til VTB i går kveld (torsdag).

Artikkelen held fram under annonsen.

Gladmelding

Så fortset ho:

– Det er veldig bra det som kom fram i dag under behandlinga av revidert. Fangeleiren blir ikkje lagt ned før ein har hatt gjennomgang av kva fotlenker gjer i forhold til behovet for opne soningsplassar, seier ei nøgd Abrahamsen.

– Kor lang tid vil det ta før den gjennomgangen er på plass?

– Det er alt for tidleg å seie kor lang tid regjeringa treng for å kome tilbake til Stortinget med ei orientering. Eg trur ikkje det skjer i år, svarar Abrahamsen.

Ho ynskjer å rose alle som har jobba for at fangeleiren ikkje blir lagt ned. 

– Eg skal ikkje ta æra aleine, det blir feil. Heile Telemarksbenken har jobba for saka, og dei tilsette i leiren har gjeve oss god informasjon som me har kunna brukt vidare. Mange blei involvert for å få tyngde. Eg frykta lenge at leiren ville bli lagt ned. Det blei stilt ein del kritiske spørsmål til Justisdepartementet om avgjerdsgrunnlaget for nedlegging, seier Abrahamsen.

– Korleis trur du saka om fangeleiren endar?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Nå må me bruke tida til å informere om det unike og viktige tilbodet. Me må få fram tydelegare dei veldig gode resultata ein får ved å ha dette opne soningstilbodet, avsluttar Abrahamsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veldig bra

– Du veit vel at fangeleiren berre er førebels redda.

Dette er dei fyrste orda som kjem frå Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap) når me bed om ein kommentar til at leiren likevel ikkje blir lagt ned til hausten.

– Men det er ein kjempegledeleg dag – godt jobba av posisjonen på Stortinget, fortset han om at det likevel er eit håp for leiren.

Og håpet aukar hos ordføraren med tanke på eit nytt lobbyarbeid for at fangeleiren skal bestå i åra framover. Skjervagen har fått grønt ljos av formannskapet til å engasjere Anders Anundsen i saka. Han var justisminister i over tre år, fram til slutten av desember 2016.

– Anundsen skal hjelpe oss å få fram bodskapen om at det er fornuftig å fortsette med fangeleiren. Det kostar ein del å engasjere han, men det er det verdt viss me får gjennomslag for saka. Det er veldig bra å ha ein kapasitet som Anundsen – eg trur det er avgjerande. Han har jo leia Justisdepartementet, og han meiner det er feil å legge ned fangeleiren. Elles hadde han ikkje tatt oppdraget, seier Skjervagen.