Regionrådsleiar Jon Rikard Kleven og dei andre i Vest-Telemarktinget ber fylkeskommunen prioritere meir pengar til vegane i Vest-Telemark.
Regionrådsleiar Jon Rikard Kleven og dei andre i Vest-Telemarktinget ber fylkeskommunen prioritere meir pengar til vegane i Vest-Telemark.

Etterlyser større veg- og kollektivsatsing

Vest-Telemarktinget er ikkje fornøgde med utteljinga i fylkeskommunens framlegg til veginvesteringar i regionen dei neste åra.

Telemark fylkeskommune har sendt framlegget til handlingsprogram 2019–2022 for regional plan for samordna areal og transport i Telemark (ATP Telemark) på høyring. Vest-Telemarktinget diskuterte framlegget då dei var samla på møte på Dalen tysdag.

«Forslag til bruk av investeringsmidlar til fylkesvegar i perioden 2019–2022 gir Vest-Telemark svært dårleg utteljing – om lag 7 % av samla investering. Sett i høve til behovet er dette svært utilfredsstillande,» heiter det mellom anna i høyringssvaret frå Vest-Telemarktinget til framlegget frå fylkeskommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt pengar til asfaltering og kanskje utskifting av masse, men ein del vegar har behov for meir enn dekke. Til dømes bør svingar rettast ut, kommenterte Jarand Felland (Sp), ordførar i Tokke.

Skremmande dårleg

Politikarane oppmodar fylkeskommunen til å ta ei ny totalvurdering av prioriteringa og finne meir pengar til tiltak i Vest-Telemark. Spesielt blir det peika på Fv38 Åmot–Dalen–Vrådal og Fv355 mellom Tjønnefoss og Fyresdal som døme der behovet for vegpengar er stort.

– Fv355 er skremmande dårleg og må bli nemnd i uttala, kommenterte Fyresdal-rådmann Ketil O. Kiland.

Ein stor del av vegpengane går til Bypakke Grenland. I framlegget til handlingsprogram er det skissert 212 millionar over fire år. I Vest-Telemark er det føreslege å bruke 56 millionar kroner til utbetringar i perioden 2019–2022.

Kjem seg ikkje til skulen

I møtet tysdag tok Nissedal-ordførar Halvor Homme (Ap) også opp kollektivtilbodet i regionen – eller mangelen på dette – og fekk støtte frå dei andre om at dette måtte med i høyringssvaret.

– Om me ynskjer at dei vidaregåande skulane skal bli bruka må det også vera eit kollektivtilbod. I dag er det nærast umogleg for meg å oppmode elevane frå Nissedal til å velje skulane i Seljord og på Dalen fordi kollektivtilbodet er ræva, var den klare meldinga frå Homme.

– Me veit at kollektivtilbodet i Vest-Telemark aldri vil vera tilstrekkeleg, men det må i alle fall vera der for dei som har mest bruk for det, heldt han fram.

Det blei også trekt fram at kollektivtilbodet er viktig for deltakarar i vaksenopplæringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vest-Telemarktinget lufta også tankane om å få til ei «bygdepakke» i samarbeid med fylkeskommunen for å sikre meir pengar til vegprosjekt i Vest-Telemark. Ei slik ordning kan omfatte tiltak på riks-, fylkes- og kommunale vegar. Alle som tok ordet i møtet tysdag meinte ein slik tanke var god, men at det var tidleg å lyfte ei «bygdepakke» til fylkeskommunen i høyringa.