– Me er bekymra for at borna kan skade seg på det som kommunen har lagra rett ved byggjefeltet, seier Tone Heddeslid (bak t.v.), Ingebjørg Kringlåk, Anne Ingunn Heddeslid, Silje Sordal K. Heggard, Anders Heggard og Berit Bekk. Framme frå venstre er borna Elias Heggard, Magnus Heddeslid, Celine H. Stenberg, Emma Heggard, Linnea Bekk, Tarjei Ingebretsen Barsgård og Even H. Stenberg.

Er urolege for bornas tryggleik

Rett ved bustadfeltet på Mandt-jordet på Dalen har Tokke kommune etablert lagringsplass for mellom anna røyr, kummar, steinheller og autovern. Det uroar bebuarane i området. Kommunen lovar å ta grep.

– Me veit det er kommunens eigedom, men me tykkjer likevel det trist at kommunen ikkje har teke omsyn til oss som bur i byggjefeltet like ved. Ein ting er at det ser stygt ut, men det me er mest redde for er at nokon kjem til å øydeleggje seg der borte, seier oppsitjarane.

Ope område

Området er ikkje avsperra eller inngjerda. Reinseanlegget ligg rett ved, og ifylgje bebuarane i feltet var det i 2016 at kommunen gjorde området til lagringsstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då sendte eg brev til kommunen der eg gav uttrykk for uro over tryggleiken til borna i byggjefeltet. Borna er nyfikne og synest det er moro å leike blant alt som ligg der nede. Eg fekk svar frå kommunen, men det tolka eg som: Me høyrer kva du seier, men me kjem ikkje til å gjere noko med det, seier Silje Sordal Knudsen Heggard.

Ikkje skjedd noko

Ho er ikkje den einaste som har vore i kontakt med kommunen.

– Me er fleire som har vore i kontakt med kommunen om området. Eg var på kommunehuset i fjor og snakka med dei, men det har ikkje skjedd noko etterpå. I ettertid har det berre kome meir «skrot» her. Det er litt trist at dei ikkje tek tak i dette, seier Anne Ingunn Heddeslid.

– Det er mykje på lagringsplassen som kan vere farleg for borna i byggjefeltet. Desse kvasse greiene her er skumle, seier oppsitjarane.
– Det er mykje på lagringsplassen som kan vere farleg for borna i byggjefeltet. Desse kvasse greiene her er skumle, seier oppsitjarane.
– Denne båten er frakta hit og plassert av kommunens folk. Han står utsøtt og kan i verste fall velte dersom borna kliv på han, seier bebuarane på Mandt-jordet.
– Denne båten er frakta hit og plassert av kommunens folk. Han står utsøtt og kan i verste fall velte dersom borna kliv på han, seier bebuarane på Mandt-jordet.
– Dersom desse hellene ramlar ned kan det påføre skadar dersom nokon er i nærleiken, seier dei som bur like ved.
– Dersom desse hellene ramlar ned kan det påføre skadar dersom nokon er i nærleiken, seier dei som bur like ved.
– Denne trykktanken kan vera lett å velte dersom fleire born leikar i nærleiken, meiner bebuarane på Mandt-jordet.
– Denne trykktanken kan vera lett å velte dersom fleire born leikar i nærleiken, meiner bebuarane på Mandt-jordet.
– Eg lovar at det skal skje noko på Mandt-jordet. Me tek tryggleiken på alvor, seier Tokke-rådmann John Kleiv.
– Eg lovar at det skal skje noko på Mandt-jordet. Me tek tryggleiken på alvor, seier Tokke-rådmann John Kleiv.

Bebuarane i byggjefeltet ynskjer helst at kommunen fjernar alt «skrotet» frå området, og plasserer det andre stader.

– Kommunen har, etter det eg veit, lagringsplassar andre stader, så det burde vere mogleg å flytte det til ein stad der det ikkje bur folk rett ved, seier Tone Heddeslid.

– Helst vil me ha vekk dette som ligg der, men det nest beste vil vere at kommunen skjermar av og skjuler området bak eit låsbart gjerde slik at borna i byggjefeltet ikkje kjem inn der. Det står også ein gamal båt i området, og den er ikkje støtta opp slik at den kan fort velte dersom borna klatrar på han, seier dei.

– Me prøvar å sjå til at borna og borneborna ikkje er der borte, men alle som har eller har hatt born veit at ein ikkje kan gjete dei heile tida, seier Anne Ingunn Heddeslid.

Oppsitjarane peikar også på alt fokuset kring opprydding og forsøpling den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det burde fått kommunen til å gjere noko med dette, seier Berit Bekk.

Ingebjørg Kringlåk fortel at dei flytta til Mandt-jordet for om lag 50 år sidan, og at då blei området, som i dag er kommunens lagringsplass, brukt til leikeplass. 

– Me som budde her då rydda området slik at både born og vaksne mellom anna kunne slå ball der, hugsar ho.

Håpar noko skjer

No håpar oppsitjarane at kommunen tek dei på alvor, og tek grep.

 – Det er meiningslaust å lagre dette her, så lenge dei har andre plassar dei kan bruke, avsluttar Anne Ingunn Heddeslid.

Skjønar problemet

Rådmann i Tokke, John Kleiv, har sjølv vore å sett på lagringsplassen. Han har stor forståing for problemet.

– Det er ikkje tvil om at det er skjemmande, og me ser at det er lagra utstyr som ikkje burde vore der. Mellom anna er det eit par kummar der som er litt skumle dersom borna klatrar på dei og eventuelt ramlar ned i dei. Det er snakk om eit par meter, så det kan vere farleg, seier Kleiv.

– Meir bevisst

Han seier at det er uheldig at kommunen ikkje har vore meir kritiske til kva dei har lagra på Mandt-jordet, og han håpar at ein del av det som ligg der blir flytta etter kvart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har eit område på Vistad som me tenkjer å planere slik at det blir større lagringsplass der. Elles har me tenkt å setje opp eit lagertelt ved reinseanlegget for det som eventuelt ikkje blir flytta. Men me skal ikkje lagre ting som kan utsetje borna i området for fare. Me må rett og slett bli meir bevisst på kva me lagrar kvar, seier han.

– Kva med å setje opp gjerde?

– Eg trur vel ikkje det er den beste løysinga, då det fort kan føre til at borna klatrar på det. Born er nyfikne, så det er berre slik det er, svarar rådmannen.  

– Lovar at noko skjer

Kleiv peikar elles på at båten som ligg i området skal bli sikra i større grad, slik at han ikkje veltar.

– Det er nok ikkje fare for at han veltar slik han står i dag heller, men me skal ta grep og gjere noko med han. Helst vil me flytte han, men i alle fall skal me sikre han. Me tek tryggleik på alvor, og eg lovar at noko skal skje. Det er ikkje sikkert me får gjort dette straks, men me vil også at det skal sjå betre ut og bli tryggare på Mandt-jordet, avsluttar rådmannen.