Nissedalordførar Halvor Homme (Ap) er igjen klar for topplassen på kommunestyrevallista.
Nissedalordførar Halvor Homme (Ap) er igjen klar for topplassen på kommunestyrevallista.

Endå ein ordførar går for fire år til

Nissedalordførar Halvor Homme stiller likevel opp til ny valperiode neste haust. Han er den tredje Ap-ordføraren i Vest-Telemark som vil halde fram i politikken.

Ein spørjerunde VTB hadde i mars til ordførarane i Vest-Telemark om den politiske framtida etter denne valperioden, viste at Fyresdal-ordførar Erik Skjervagen (Ap) og Kviteseid-ordførar Tarjei Gjelstad (Ap) går for ein ny periode. Om det også er andre ordførarar i regionen som vil fortsette i politikken, fekk me ikkje svar på då.

Halvor Homme er i sin andre periode på rad som ordførar. Han gav for ei tid tilbake signal om å seie nei til ein ny periode i politikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Prinsipielt meiner eg at ein ikkje skal gro fast i eit ordførarverv. Eg trur det er lurt å byte ordførar med jamne mellomrom, sa han i mars, utan å påstå at to periodar er grensa.

Det hadde på den tida blitt klart at eit ynske frå Homme ikkje blir ein realitet.

– Eg såg ein klar etterfylgjar i gruppeleiar og formannskapsmedlem Runa Vee Tveit, men det viser seg at det ikkje er aktuelt for henne å halde fram i politikken, sa Homme.

Etter denne avklaringa måtte Homme gå i tenkeboksen. På eit spørsmål frå VTB sist tysdag stadfestar han at det er tatt ei avgjerd. Partiet hans har spurd Homme om å fortsette i politikken. Då det altså er klart at ei partifelle ikkje er aktuell som ordførarkandidat, har Homme nå sagt ja til å stå på topplassen.