Kommunalsjef Ronde Schade seier alle elevane i Seljord-skulen skal få utdelt Ipad til bruk i undervisninga neste skuleår.
Kommunalsjef Ronde Schade seier alle elevane i Seljord-skulen skal få utdelt Ipad til bruk i undervisninga neste skuleår.

Elevane får Ipad til undervisninga

For å at barna i Seljord skal ha minst like gode digitale ferdigheiter som andre blir det satsa stort på IKT (informasjons- og kommunikasjonsteknologi) i kommunen dei neste åra.

I løpet av august vil alle elevane frå 1.–10. trinn få utdelt kvar sin Ipad til bruk på skulen. Frå september kan elevane bruke Ipaden på skulen og heime. Elevane må levere den tilbake etter tre år.

Kommunestyret i Seljord vedtok i desember i fjor å utarbeide ein ny strategisk IKT-plan for grunnskulen. Sidan januar har ei arbeidsgruppe arbeidd for å utvikle ein lokal plan for både barnehage og grunnskule som skal danne grunnlaget for ei større satsing dei neste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me meiner det er viktig at barna i Seljord skal ha minst like gode digitale ferdigheiter som barna ved andre skular/kommunar. Frå 2020 vil mellom anna grunnskulen ha ein ny nasjonal læreplan der koding og programmering vil få ein sentral plass i opplæringa, informerer Ronde Schade, kommunalsjef for skule og oppvekst i eit skriv til foreldre og føresette.

Aukar læringsutbyttet

I løpet av våren og sommaren i år skal alle skulane og barnehagane ha grunnleggande IKT-infrastruktur på plass. På planleggingsdagane i august vil dei tilsette i skule og barnehage få opplæring i bruk av Ipad. Det er også gjort avtale om ytterlegare kompetansetiltak for lærarane i løpet av neste skuleår.

I barnehagane vil pedagogane få auka tilgang til Ipad/IKT-utstyr i barnegruppene.

– Me trur det er viktig å bruke ekstra god tid på å planlegge god bruk av IKT i barnehagane og inviterer til dialog og samarbeid med foreldregruppene i løpet av hausten, skriv Schade.

Frå august vil det også bli lagt til rette for elektronisk kommunikasjon mellom skulen/barnehagen og heimen.

– Me legg til grunn at IKT skal vera eit hjelpemiddel for å auke læringsutbyttet for elevane våre, og håpar på godt samarbeid med foreldre og føresette, skriv Schade.