annonse

Ein person alvorleg skadd i trafikkulykke

Øystein Øygarden

Ei kvinne i 40-åra frå Telemark skal vera utanfor livsfare etter trafikkulykke på E134 i Seljord laurdag kveld. Det melder Telemarksavisa. 

Laurdag klokka 21.04 meldte politiet om at naudetatane var på veg til ei trafikkulykke ved Shell i Seljord. Ein bil skal ha gått rundt og hamna på taket. Politiet meldte at ein person var alvorleg skadd og flogen til Ullevål sjukehus. 

E134 var i ein periode stengt etter ulykka. 

Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er varsla. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.