Elevane frå 7. til 10. klasse i Fyresdal fylgde godt med då Tor Arne Johnsen tok opp mobbetemaet på ein heilt annleis måte.
Elevane frå 7. til 10. klasse i Fyresdal fylgde godt med då Tor Arne Johnsen tok opp mobbetemaet på ein heilt annleis måte.

Ei heilt anna vinkling på mobbing

Dei fire øvste elevklassene i Fyresdal fekk ei spesiell oppleving ved å høyre på foredraget «Lær å mobbe», ei blanding av humor og mykje alvor.

Kultur- og oppvekstsektoren i Fyresdal inviterte alle elevane frå 7. til 10. klasse i skuletida, og føresette og andre vaksne på kveldstid til det spesielle foredraget «Lær å mobbe» med Tor Arne Johnsen. Han reiser rundt i Noreg med eit foredrag der han går inn i mobbarens hovud og kvardag, og forklarer kva ein mobbar prøvar å oppnå.

«Mobbarar gjer narr, sender meldingar, stenger ute eller brukar vald. Men kvifor? Forstår du kva mobbaren vil og veit korleis teknikkane verkar, kan du lettare både stå imot og motarbeide mobbing», stod det i invitasjonen til foredraget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blei mobba

I starten fortalde Johnsen fyresdalelevane at han var eit heilt typisk mobbeoffer i 6. og 7. klasse. 

– Geir bruka mykje tid på plage meg, og han lika best å gje meg juling.

Så slo det Johnsen at han var heilt sikker på at det var Geir det var noko gale med og ikkje mobbeofferet. Ved å gå inn i den tankebanen og stå på at dette var rett, blei det slutt på mobbinga.

Etter denne innleiinga kledde Johnsen seg om til å vere lege; 4. amanuensis dr. Gunnar Pensum. 

– Hjarteleg velkomen til mobbekurs. Dei som ikkje har lært å mobbe av mamma eller pappa, kan lære det av meg. Mobbeproblemet er oppe i hovudet på mobbaren, det er utgangspunktet for å bli ein god mobbar. Og å føle seg som eit null er utgangspunktet for å bli ein god mobbar, sa «legen».

Irriterande menneske

Så gjekk han bort til ein elev i salen og spurde om kva han gjer ein kveld i heimesofaen og kjenner svolten kome. Fyresdølen svara at han går på kjøkkenet for å lage seg mat. 

– Det var veldig dumt, og betyr at du ikkje kan bli ein god mobbar, for du har ikkje dei personlege eigenskapane som skal til. Hadde du hatt det, skulle du blitt sittande i stoga og gradvis blitt meir og meir forbanna fordi det kjem ingen mat til deg, endå du er så svolten. Så ropar du til mor: «Hei, kom med mat til meg. Eg vil ikkje ha dei gamle og trøytte brødskivene dine, eg skal ha pizza og cola, og eg skal ha det nå!», sa «kurslæraren» til eleven, og det blei latter frå salen.

Så slo legen fast at det ikkje er mangel på irriterande menneske rundt omkring som ein kan gå laus på fordi ein har lyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På skulen er det ei gruppe menneske som er veldig irriterande – lærarane. Dei kjem med spørsmål, oppgåver, mas og gnål. Du kan få lyst til å gå bort og legge ei stor klam hand over det store lærargapet, sa «mobbelæraren».

Best til å mobbe

Han kom inn på viktige eigenskapar hos ein mobbar; eit null, egoistisk, vond, dum og feig. Mobbaren er utolmodig og vil at ting skal skje med ein gong.

– Mobbaren opplever det på same måte som dop – får det veldig bra. Det å mobbe opplevast som ein rus, og det kallar me skadefryd.

Det neste var å nemne nybyrjarfeil hos ein mobbar. Regel nummer 1 er at ein aldri skal mobbe den som er større og sterkare enn deg sjølv. Nummer 2; ikkje mobb ein som er mindre og svakare enn deg sjølv om han har store og sterke venner.

– Det er mykje lettare å bli ein god mobbar om ein tek vare på vrangførestilling og fordomar.

Kven er så best i verda til å mobbe?

– Dei unge jentene. Utestenging – ei jente kan bli behandla som at ho ikkje finst. Det er det verste du kan gjere mot eit menneske. Når mobbarane blir kalla inn til rektor, svarar dei: «Hæ, har me mobba ho? Me har aldri sagt noko til henne».

Ein annan ting «legen» nemnte var at statistikk viser at 96,6 prosent av dei som sit i fengsel har ei fortid som mobbarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Finne den gode sida

«Kurset» var over og foredragshaldaren var tilbake som Tor Arne Johnsen. Han oppmoda elevane om å finne den gode sida av seg sjølv, noko ein kan klare å gjere kvar dag. 

– Då kjem de til å føle at de har blitt eit betre menneske. Alle har lyst til å vere ein av dei som har det bra, avslutta Johnsen, og fekk stor applaus frå dei unge for eit foredrag som fekk latteren fram og som nok vil bli hugsa. Lenge.

Trur det går betre inn ved å bruke humor

Tor Arne Johnsen har besøkt ungdomsskular og vidaregåande skular over heile landet sidan 2010 med foredraget «Lær å mobbe». Nå er han oppe i 50 foredrag i året med oppgåva som har blitt fulltidsjobb.

– Foredraget blir veldig godt motteke rundt omkring, og dei som høyrer på forstår betre kva mobbing handlar om. Det er ikkje vanleg å ha med humor i temaet, men det gjer eg. Det opplever eg at elevar og foreldre synest er ei lette. Eg trur det går betre inn ved å bruke humor, det er ein is som smeltar litt, seier Johnsen til VTB om sitt fokus på mobbeproblemet.

Johnsen har fått nokon rundt omkring til å hoppe i stolen når dei høyrer den klare ordbruken hans. Eitt døme kan vere når han som «lege» seier at for å bli god mobbar må ein seie slikt som «jævla pizzatryne», fordi det er mykje betre enn berre å seie «pizzatryne».

– Med foredraget har eg sjokkert nokon rektorar, og også nokon sjuandeklassingar – dei vågar ikkje le før langt uti, seier Johnsen.

Han har ord på seg for å vere ein folkeleg og vittig tekstforfattar og formidlar, og det han har jobba mest med sidan 1970-talet er radiohumor. Johnsen er kjent frå program som P2-mannsrevyen Du slette tid, Nitimen, Norgesglasset og Reiseradioen. Vidare har han turnert over heile landet med eigne show som Lær å mobbe, Lær å røyke, Sannheten om den feite førtiåringen og Norske Mænd. Elles har han skrive for Oslo Nye, Møre og Romsdal Regionteater, Haugesund Teater og ei lang rekke musikkspel for ungdom.

Elevrådet lika mobbeforedraget

Kristian Taraldlien Hopland (7. klasse), Kaja Homme (8. klasse), Mirja Veum (9. klasse) og Camilla Aamlid Aas (10. klasse) sit i elevrådet ved Gimle skule i Fyresdal. Alle var nøgde med foredraget «Lær å mobbe».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Foredraget var veldig bra, og fekk fram mobbing på ein ironisk og morosam måte slik at elevane kanskje kjenner seg meir att, seier elevrådsleiar Veum.

– Einig, legg Aas til.

Dei fire i elevrådet er samde om at foredraget var ein veldig fin måte å snakke om mobbeproblemet. Vidare trur dei at ein del av elevane som høyrde på følte seg skuldig med tanke på mobbing.

Elles nemner dei fire at det var ein del mobbing på Gimle skule før, men at situasjonen har blitt mykje betre dette året.

– Mobbing blir tatt ordentleg opp av lærarane. Eg trur mange elevar føler seg trygge på at dei kan ta opp mobbing med sosiallæraren, seier Aas.

Ein annan ting som elevrådet meiner er viktig, er at foreldre snakkar ein del med barna sine. Kjem det eit enkelt spørsmål frå foreldre om ein har hatt det bra i dag, er det lett for barnet å svare ja og ikkje noko meir. Ved ein nærare prat kan det kome fram at det kanskje likevel ikkje er så bra.

Har søkjeljos på mobbing

Rektor Sarke Veum ved Gimle skule takka Tor Arne Johnsen for eit kjempebra foredrag, og sa dette til alle elevane rett etterpå:

– Eg håpar det var ein del som kjente seg att og kanskje kan velje å ta ein annan veg framover og bruke dei gode eigenskapane ein har. Det håpar eg alle kan ha som den største læringa her, og så er det viktig å ikkje gløyme det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veum seier til VTB at det er elevar som har sagt ifrå om mobbing på skulen.

– Mobbing er ein ting me har fokus på, seier rektoren.

Skulen er mobilfri. Om det skjer digital mobbing på fritida frå nokon som er elevar på Gimle, skal skulen ta dette alvorleg.

– Om digital mobbing på fritida får konsekvensar eller påverknad for skulesituasjonen, skal me ta fatt i problemet, seier rektoren.