I utgangspunktet er det berre viss pasienten ikkje er i form til å ta offentleg transport at vedkomande kan få rekvisisjon på taxi – ein regel som kan føre til slike omvegar som Kari Bjåen i Haukeli blei førelagt. (Kart frå Google Maps)
I utgangspunktet er det berre viss pasienten ikkje er i form til å ta offentleg transport at vedkomande kan få rekvisisjon på taxi – ein regel som kan føre til slike omvegar som Kari Bjåen i Haukeli blei førelagt. (Kart frå Google Maps)

Dobbelt så lang omveg

Då Kari Bjåen i Haukeli ringte Pasientreiser om transport til Rjukan sjukehus, la dei opp reiseruta for ho. Den skulle gå om Seljord og Notodden, ei meir enn dobbelt så lang reise som over Arabygdi og Rauland. I motsetnad til mange andre pasientar, som verken har mot eller kapasitet til å protestere, tok Bjåen ein ny telefon nokre dagar seinare. Då blei det ordna drosjetransport beinaste vegen.

Kari Bjåen i Haukeli hadde fått time på Rjukan sjukehus for ein kontroll i samband med leddgikt. I god tid før ho skulle av garde ringte ho Pasientreiser, slik reglane er. Eit par timars køyretur, så er ein framme, veit denne pasienten og alle andre som er kjende i området, veldig godt. Bjåen kom greitt gjennom på telefonen hjå Pasientreiser, la fram ærendet sitt, og nemnde det som ho rekna for sjølvklart: at ho skulle få drosjetransport. Dama sa ho skulle undersøkje litt, og ringe opp att. Noko ho straks gjorde.

– Ja, det får du. I båe endar av strekninga, svara den hyggelege dama.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I båe endar? tenkte Bjåen uforståande.

– Men – skal eg gange i mellom då, eller?

Har snudd Rjukan-ruta

Kari Bjåen blei noko forvirra, fordi ho visste det ikkje gjekk nokon morgonbuss til Rjukan lenger. Difor kunne ho få drosje på trafikalt grunnlag, som det heiter. Fram til for eit par år sidan var det mogeleg å ta buss frå Dalen og Åmot til Rjukan på morgonkvisten, for så å returnere på ettermiddagen. Ruta var grei å bruke både for dei som hadde ærend i byen og dei som var innkalla til sjukehuset. Kari Bjåen synest det er leitt at denne bussavgangen blei innstilt. Disponent Svein Olav Straand i Telemark bilruter AS fortel at ruta for tre års tid sidan blei lagt ned. Grunnen var at tilbodet så å seie ikkje blei bruka.

Fyrste framlegget frå Pasientreiser var å sende Kari Bjåen frå Haukeli til Seljord i drosje, ein tur som er omtrent like lang som avstanden mellom Haukeli og Rjukan. Frå Seljord skulle ferda gå med busstransport fyrst til Notodden og så til Rjukan.
Fyrste framlegget frå Pasientreiser var å sende Kari Bjåen frå Haukeli til Seljord i drosje, ein tur som er omtrent like lang som avstanden mellom Haukeli og Rjukan. Frå Seljord skulle ferda gå med busstransport fyrst til Notodden og så til Rjukan.
Kari Bjåen hadde time her klokka 10.40. Ho kom inn med ein gong, og med drosjetransport til og frå gjekk det berre fire og ein halv time frå ho reiste om morgonen til ho var heime att. (Arkivfoto)
Kari Bjåen hadde time her klokka 10.40. Ho kom inn med ein gong, og med drosjetransport til og frå gjekk det berre fire og ein halv time frå ho reiste om morgonen til ho var heime att. (Arkivfoto)

– Me prøvde å stø opp om Rjukan sjukehus ved å køyre bussen heilt fram til sjukehuset, men hadde nesten ingen passasjerar. Dei fleste køyrer bil sjølve, konkluderer han.

I staden forhandla bilrutene med Telemark fylkeskommune om å få snu ruta, slik at Rjukan-ruta korresponderte med Haukeliekspressen – i båe retningar.

– Denne ruta har vore ein suksess, fortel Straand.

Framlegg om langtur

Tilbake til telefonsamtala mellom Kari Bjåen og Pasientreiser. Det byrja så smått å gå opp for pasienten at ho skulle på langtur. Den hyggelege dama forklarte reiseruta:

– Ein taxi kjem og hentar deg heime og køyrer deg til Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Til Seljord, svara Bjåen uforståande, eg skal til Rjukan eg.

– Det er då like langt til Seljord som til Rjukan, tenkte ho undrande.

Men kvinna på telefonen hjå Pasientreiser heldt fram:

– Så tek du bussen fram til Notodden. Derifrå går Rjukanekspressen til Rjukan torg. Så ordnar me taxitransport til sjukehuset, informerte dama.

Dei som kjenner Kari Bjåen veit at ho ikkje har det med å bli mållaus. Men akkurat då blei ho det. Pasientreiser ville altså sende henne på ei 24 mil lang rundreise i Telemark, ein 14 mil lang omveg. Ei reise som ville ta si tid.

– Ja, vel, svara Kari og la på.

Ordna seg til slutt

Di meir ho tenkte på ferda ho skulle ut på, di meir bissart blei det. Eit føretak som har som den viktigaste oppgåva si å leggje opp ei så «enkel, tilgjengeleg og kostnadseffektiv reise» som råd, slik dei sjølve formulerer det, må då ha gode lokalkunnskapar. I det minste må dei ha oversiktlege kart tilgjengeleg, tenkte Haukeli-pasienten.

Di meir ho funderte, di galnare blei det. Tenk å reise 24 mil om Notodden, når turen over Arabygdi berre er 10 mil!

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit par dagar etter tok Kari Bjåen ein ny telefon til kontoret til Pasientreiser i Skien. Denne gongen trefte ho ein mann, utan at ho meiner kjønnet har noko som helst med geografikunnskapar å gjera. Ho fortalde ingenting om at ho hadde ringt før, men informerte om timen ho hadde på Rjukan sjukehus klokka 10.40. Drosje blei ordna utan vidare, og var på pletten heime i tunet klokka 08.30. Kari Bjåen fekk gjort det ho skulle i byen, og var heime att i Haukeli i 13-tida.

Og, ikkje betre me veit, var alle til slutt samde om at det hadde vore ein fin tur.

– Ein balansegang

Kontoret som Pasientreiser har i Skien, er dei som legg opp reiser for pasientane i Vest-Telemark. Konstituert avdelingssjef ved Pasientreiser for Vestfold og Telemark, Jørgen Einerkjær, viser til forskrifta som dei tilsette må fylgje.

– Kva avgjer reiseruta, er det kortaste veg, kostnad eller er det pasientens helsetilstand?

– I fyrste rekkje er det pasientens medisinske tilstand som avgjer. Dersom vedkomande ikkje er i form til å ta offentleg transport, kan pasienten får rekvisisjon på taxi. Viss pasienten er frisk nok, hjelper Pasientreiser til med å finne den lettaste måten å koma fram på med offentleg transport, svarar Einerkjær.

Han meiner dei tilsette ved kontoret har gode verktøy til å finne lagleg offentleg transport.

– Så pasienten må bruke offentleg transport sjølv om det fører til lange omvegar?

– Eg er ikkje så veldig godt kjend i området, og dette må vurderast frå sak til sak. Her kan eg ikkje sjå bort frå at det er gjort ei feilvurdering, svarar han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er det kostnaden som avgjer?

– Det er også ein viktig del. Slike avgjerder vil alltid vera ein balanse mellom det som er mest bekvemt for pasienten og det som er samfunnsmessig ynskjeleg; altså så rimeleg som råd, informerer Einerkjær.

Eit dagsjukehus

– Rjukan sjukehus er no eit dagsjukehus for øvre Telemark, det vil seie kommunane Tinn, Tokke og Vinje. Eit dagsjukehus tyder at det blir utført planlagt behandling, og ikkje øyeblikkeleg hjelp, forklarar klinikksjef Per Urdal.

– Etter at ei dialyseavdeling blei opna i Åmot i Vinje, der tre pasientar per no er til behandling, er det att sju pasientar ved dialyseavdeling på Rjukan, fortel han vidare.

Klinikksjefen opplyser at sjukehuset på Rjukan har tilbod innan indremedisin, det vil seie hjarte/lunge, nyre og mage. Vidare nemner han diabetes, ortopedi, øyre/nase/hals, høyrselstesting og røntgen. Det blir også gjort enkel kirurgi, urologi, og vurdering av brokk. Sjukehuset utfører også enkel sårbehandling. På sjukehuset finst også både augelege og psykologspesialist.

– Kva avgjer om pasientar frå Tokke og Vinje blir viste til Rjukan, eller til andre sjukehus?

– Det er fastlegen som avgjer dette ut frå kjennskapen vedkomande har til tilboda i Telemark, svarar Urdal, som seier at Sjukehuset Telemark har vore tydelege og fortalt kommunelegane om kva tilbod sjukehuset på Rjukan har.

Pasientreiser blei oppretta i 2009, og er eigd av dei fire regionale helseføretaka i landet. Selskapet ligg i Skien og har kring 80 tilsette. Visjonen er at pasienten skal ha ei enkel, tilgjengeleg og kostnadseffektiv reise.

Artikkelen held fram under annonsen.

(Kjelde: pasientreiser.no)

Rjukan sjukehus, som er ein del av Sjukehuset Telemark,har ein kirurgisk og ein medisinsk poliklinikk. Der blir det gjeve behandling innanfor dialyse, kardiologi, fordøyingssjukdomar og indremedisin, auge, øyre/nase, urologi, ortopedi/kirurgi, enklare medisinsk kreftbehandling, samt laboratorietenester. Sjukehuset på Rjukan har også ein blodbank, der blodgjevarar kan tappast.

(Kjelde: sthf.no)